Utleigerestriksjonar i kommunale idrettsanlegg og oppvekstbygg

Klikk for stort bildeHer er ei oversikt over utleigerestriksjonar som følgje av at vi har gult nivå på smittevernberedskapen. 

Vi befinn oss i ein fase i korona-pandemien kor myndigheitene melder om at faren for at det kan oppstå lokale smitteutbrot framleis er stor. 

Bygg og anlegg som blir brukt av skuleelevar eller barnehagebarn på dagtid har gult nivå på smittevernberedskapen. Beredskapsnivået inneber mellom anna inndeling i kohortar og strenge krav til reinhald. Desse reinhaldskrava begrensar mulegheitene vi no har for utleige av enkelte kommunale bygg og idrettsanlegg på kveldstid. Kommunen har ikkje kapasitet til å imøtekomme ytterlegare krav til reinhald i desse bygningane. Vi lyt rekne med eit strengt beredskapsnivå i oppvekstsektoren denne hausten og vinteren. Dersom beredskapen blir endra til grønt nivå, vil utleigerestriksjonane vi har no, bli justert.

Dette er status for utleige av desse bygga under noverande beredskapsnivå:


Utleige av kommunale idrettsanlegg


Idrettshallen:

Status: Open på kveldstid for idretten
På dagtid blir idrettshallen bruka av skulane. Idrettshallen er open for utleige på kveldstid for aktivitetar i regi av idretten. Også her gjeld gult nivå på smittevernberedskapen med begrensa bruk av garderobar. Leigetakarane skal følgje smittevernplana for idrettshallen og vaske utstyr etter bruk.

Sjå: Smittevernplana for trening i idrettshallen under covid-19 (PDF, 483 kB)

Øye stadion:

Status: Øye stadion kan brukast som planlagt.

Svømmehallen:

Status: Stengt på kveldstid
Svømmehallen er kun open for skulesvømming og vil vere stengt for aktivitetar på kveldstid så lenge vi har smittevernberedskapen på gult nivå. Sannsynlegvis vil smittevernberedskapen ligge på eit strengt nivå denne hausten og vinteren, men dersom situasjonen skulle endre seg til grønt nivå, vil svømmehallen kunne bli opna på kveldstid igjen.

Gymsalar:

Status: Stengt på kveldstid.
På grunn av smittvernrestriksjonar på gult nivå er gymsalar på skulane stengt på kveldstid.

 

Utleige av lokale i kommunale barnehage- og skulebygningar


Kommunale barnehage- og skulebygg kan ha utleige til aktivitetar som omfattar skulens eigne elevar eller barna i den enkelte barnehage.

Den enkelte skule eller barnehage tek stilling til om dei ønskjer å tilby utleige av lokale.

Utleigerestriksjonar som gjeld her:

  • Gymsalar kan ikkje leigast ut på kveldstid
  • Arrangementet gjeld barnefamiliar ved den enkelte skulen eller barnehagen
  • Maksimal gruppestorleik på gult nivå: 20 personar
  • Arrangementet har ikkje gjestar frå andre landsdelar med høg smitte; Oslo/Viken og Bergen