Praktisk informasjon
Alle føresette har fått informasjon frå sin skule med informasjon om oppmøtetid og kor barna skal møte på måndag. Alle må ha med seg matpakke på skulen.
Skuleskyssen går som normalt, og regjeringa har presisert at retten til skulegang er sterkare enn avstandskrava i kollektivtrafikken. Framleis er det slik at dei som ikkje har skyssrett, ikkje får plass bussen.
For meir informasjon om oppstart i både barnehage og skule, sjå utsendt informasjonsskriv til heimane frå Surnadal kommune (PDF, 243 kB)
Oppstart på gult trafikklys - gult beredskapsnivå
Trafikklysmodellen med grønt, gult og raudt nivå seier kva smitteverntiltak skulane må følgje. Vi startar opp att på gult trafikklys. Dette er i praksis dei same kvardagsrutinene og inndelinga i kohortar som vi hadde på skulen før sommarferien.
Vi opprettheld eit godt smittevern heime og i skulane, ved å:
• oppretthalde 1-metersregelen
• praktisere god handhygiene
• ikkje møte på skulen dersom barna er sjuke og før allemenntilstanden igjen er god
Les meir om smittevernrettleiarar som skulen føgjer på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
Her kan du sjå utarbeidd beredskapsplan for skulane våre under covid-19 (PDF, 385 kB)
Vel møtt til skulestart!