Nasjonale anbefalingar og reglar

Klikk for stort bilde Foto: CDC, Alissa Eckert Oversikt over gjeldande nasjonale reglar og koronatiltak. 

Komplett oversikt over oppdaterte nasjonale anbefalingar og tiltak finn du i lenken under.

Oversikt over gjeldande nasjonale tiltak innført av norske myndigheiter for å handtere koronasituasjonen.

Datert oversikt over myndigheitene si handtering av koronasituasjonen

14.11.2020: Smittevernråd ved nødvendige innanlandsreiser

Regjeringa fraråder no unødvendige reiser innenlands. Må du likevel reise, er det viktig å vere ekstra forsiktig når du reiser frå eit område med høg smitte til eit område med låg smitte. Terskelverdien for innreisekarantene til Norge er område/land med over 20/pr 100 000 siste 14 dagar. Tilsvarande må vi vere ekstra forsiktige når vi reiser frå område med tilsvarande smittetrykk pr innbyggar innanlands. Dette ser ein enkelt, t.d på VG si oversikt.

Folkehelseinstituttet anbefaler 14. november følgande forholdsreglar i 10 dagar etter reiser i Norge frå eit område med mykje smitte til et område med lite smitte:  

  • Redusere antal kontaktar. 
  • Hald 2 meters avstand til personar i risikogruppa.  
  • Vær særleg nøye med hånd- og hostehygiene.  
  • Vær særleg merksam på symptom.
  • Ha låg terskel for å teste deg om du får symptom eller trur du kan har vore utsett for smitte. 

10.11.2020: Utvalde råd og lokale konkretiseringar av nasjonale tiltak

Desse råda gjeld for dei neste par vekene, eller inntil vi har oppnådd kontroll med det nasjonale smittetrykket i starten av den andre bølgen landet er i.

Hindre import av smitte til kommunen:

  • Strengt nødvendige innanlandsreiser betyr medisinske reiser, deltaking i gravferd eller arbeidsreiser som ikkje kan utsettast.Handleturar og hyggebesøk til plassar med høgare smittetrykk enn her, bør unngås no.
  • Unngå å vere fleire enn 10 personar frå ulik husstand i private familiesamankomstar i heimen. Barnebursdagar med lokale deltakarar er unntatt dette rådet.
  • Studentar i byane bør unngå reiser til heimbygda som ikkje er strengt nødvendige. Ved arbeidsreise, rådfør deg med din lokale arbeidsgjevar.

Hindre smitte mellom personar innad i kommunen:

  • Vi er bedne om å begrense sosial omgang og vere ekstra påpasselege med avstandskravet når vi omgås
  • Private samankomstar med inntil 20 personar i leigde lokale er ikkje forbode, men vi anbefaler å utsette festlege lag, da 1-metersregelen er særs vanskeleg å overhalde. Vi anbefaler også å utsette vaksenbursdagar, bryllaup og barnedåp i leigde lokale grunna anmodninga om å begrense sosial kontakt og å unngå innanlandsreiser som ikkje er strengt nødvendige. 
  • Hald 2 meter avstand til eldre og personar i risikogruppe i 5 dagar, dersom du har vore i folkeansamlingar kor 1-metersregelen ikkje har vore halde. Gjeld ikkje for situasjonar knytta til skule/skuleskyss.
  • Anbefaling om bruk av munnbind for alle over 14 år i taxi-reiser med meir enn 2 passasjerar. Pasienttransport og skuleskyss har eigne smittevernreglar.
  • Anbefaling om bruk av munnbind for alle over 14 år på bussreiser. Gjeld ikkje skuleskyss.

09.11.2020: Nye reglar om karantene og testing for reisande frå utlandet til Norge

Fylkesmannen formidlar følgande informasjon frå Helsedirektoratet vdr nye reglar for reisande frå utlandet til Norge:

Informasjonsskriv om arbeidsreisande (PDF, 164 kB)

Informasjonsskriv om innreisande generelt (PDF, 166 kB)

Informasjon til dei som jobbar med reisande (PDF, 200 kB)

NB! Har du vore i Danmark - meld frå til kommunen.

05.11.2020: Forenkla oversikt over nasjonale anbefalingar og reglar

  • Begrense sosial kontakt så langt som råd:
    • Husstandar med familie: + 5-regel
    • Husstandar for single kan bestå av 3 faste nære personar:+ 5-regel for gjestar utover det
  • Unngå alle innanlandsreiser som ikkje er heilt nødvendige
  • Om du reiser på hytta - unngå sosial kontakt med dei du ikkje bur med på hytta di
  • Grense på inntil 20 personar på private samankomster på offentlege stader og i leigde lokaler
  • Grense på 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte seter
  • Nasjonal skjenkestopp kl 24.00 og stans i innslepp av nye gjestar på skjenkestader kl. 22.00
  • Reisande frå raude land må framvise attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Norge (NB! Her er det fleire unntak/presiseringar).
  • Dokumentasjonskrav til innreisande om tilgang til egna bopel for gjennomføring av karantene
  • Kommunane kan innføre strengare lokale tiltak ved behov

28.10.2020: Sosiale begrensningar (og unntak)

  • Besøk i private heimar: 5 personar kan komme på besøk i tillegg til eigen husstand. To husstandar med fleire barn kan møtest sjølv om dei blir fleire enn 5 gjestar.
  • 5-gjest regelen gjeld og for private samankomstar inne i heimane mellom ungdomsskuleelevar, elevar på VGS og studentar. 
  • Barnehagebarn og barneskulebarn som er i same kohort/trinn/avdeling på dagtid, er unnateke innstrammingane og kan møtest i private heimar med same smittevernreglar og gruppestprleik som før.
  • Alle bør begrense kor mange personar ein møter på fritida i løpet av ei veke.
  • Antal deltakarar på private arrangement i leigde lokaler: Maks 50.
  • Antal deltakarar på offentleg arrangement: Maks 200.

31.10.2020: Karantenereglar

  • Ingen unntak frå karanteneplikt for gjestearbeidarar frå land som EU definerer som raude. Her blir det 10 dagar med full karantene.
  • Øvrige arbeidstakarar kan framleis frå karantenefritak.
  • Arbeidstakarar frå utlandet må teste negativt kvar 3. dag og bu på einerom dei første dagane. 
  • Arbeidsgjevar skal legge tilrette for at arbeidstakarar som er i fritidskarantene held god avstand til andre arbeidstakarar.

Sjå meir om dei nasjonale tiltaka hos regjeringen.no

Sjå Halloween-råd i Surnadal kommune. Alle kan gå "knask eller knep" utandørs i grupper. Innandørs gjeld dei nasjonale sosiale innstrammingane med unntak for barnehagebarn og barneskulebarn.

 

Frå 12. oktober opnar regjeringen for følgande:

  • Ei trinnvis gjenopning av breiddeidretten for vaksne.
  • Nasjonal skjenkestopp ved midnatt opphevast.
  • Inntil 600 personar kan vere til stades samtidig på utandørsarrangement, fordelt på grupper på inntil 200 personar.
  • Det blir tilstrekkeleg med eitt sete mellom personar på arrangement med fastmonterte seter

Sjå faseinndeling for gjenopning av breiddeidretten her.

 

Arrangement over 20 og opp til 200 personar. 

Slike arrangement skal handterast som offentleg arrangement, kor arrangøren er ansvarleg for:

  • å ha oversikt over kven som er til stades for å kunne bistå kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing. Dersom det er nødvendig å nedteikne liste over dei som er til stades med kontaktopplysningar, skal lista slettast etter 10 dagar.
  • å ha tiltak som hindrar at sjuke personar ikkje deltek på arrangementet
  • å følgje relevante standardar om smittevern
  • å legge til rette for at avstandskrav og smittevern kan følgjast under heile arrangementet

Arrangøren skal gjere ei risikovurdering på førehand: Last ned skjemaet Risikovurdering av arrangement. (DOCX, 22 kB)

Arrangøren skal fylle ut ei sjekkliste for godt smittevern under arrangementet: Last ned skjemaet Sjekkliste for godt smittevern. (DOCX, 24 kB)

Ved større arrangement bør arrangøren kontakte lokal smittevernansvarleg i kommunen for råd.

Kva er rekna som arrangement?

Med arrangement meines mellom anna konsertar, seminar, varemesser, midlertidige marknader, bursdagar, bryllaup, begravelsar og religiøse samlingar. Loppemarked til inntekt for frivillige organisasjonar er ikkje omfatta.

Kva er rekna som offentleg stad?

Med offentleg stad meines ein stad bestemt for alminneleg ferdsle eller ein stad der allmennheita ferdast. Det same gjeld arrangement i lokaler og utandørs areal som lblir leigd eller lånt ut, inkludert hotell, grendahus, forsamlingshus, konferansesalar og hallar.

Regjeringen har svart på ei rekkje spørsmål knytt til arrangement og stenging av enkelte virksomheiter. Desse spørsmålea og svara til dei kan du lese hos regjeringen.no.

Antal personar i ei gruppe 

Rådet om maksimalt 20 personar med 1 meters avstand inne og ute.

Private arrangement inntil 20 personar

Anbefalt storleik for grupper i private sammenhengar er maksimalt 20 personar, og forutsett at alle held minst 1 meters avstand. Rådet gjeld for private sammenkomstar og meir uformelle arrangement, både innandørs og utandørs utan ansvarleg arrangør. For private samankomstar opptil 20 personar kan ein søkje råd hos smittevernansvarleg i kommunen. Det er viktig å sjå an utviklinga av smittesituasjonen, særleg ved samankomstar med personar i risikogrupper, og på tvers av kommune- og fylkesgrenser.