Ofte stilte spørsmål

Lista blir oppdatert i tråd med dei spørsmåla vi får framover. Håpar dette kan vere litt til hjelp.

Kjekt å vite
Spørsmål Svar Meir om temaet
Kva betyr heimekarantene? Det betyr at du ikkje skal gå på jobb/skule. Du skal unngå unødvendig sosial kontakt med andre. Unngå å gå i butikkar og på besøk. Få andre til å handle for deg dersom du vil vere sikker på å ikkje utsette nokon for eventuell smittefare. Er du i heimekarantene etter reise til område som medfører karanteneplikt, utviklar forkjølelsessymptom som feber, hoste og kortpustethet eller skal du i karantene? Da skal du ringe Surnadal legesenter for å få vudert testing. Kommuneoverlegen har utvida testkriterier frå og med 26. mars. Meir om dette i menyen Kven skal testast? på korona-sidene. Heimekarantene gjeld i 14 dagar. I tillegg må du vere heime til 1 dag etter at symptoma er borte. Dersom du blir testa negativt vil du få ei individuell vurdering frå lege om karantenetida kan avkortast. Det er dei nasjonale karantenebestenmmelsane som gjeld i Surnadal kommune frå og med 31. 03. 2020: Nasjonale karantenebestemmelsar som gjeld: Informasjon frå Helsenorge.no: Det er to grupper som skal i karantene: 1. Dersom du har vært på utenlandsreise skal du være i karantene i 14 dager fra den dagen du kom hjem. 2. Dersom du har hatt nærkontakt med noen som har fått påvist koronavirus skal du være i hjemmekarantene. Hvem dette gjelder, blir definert av helsetjenesten i samarbeid med den smittede, og du får beskjed dersom dette gjelder deg. Med nærkontakt menes kontakt med en smittet person med mindre enn to meters avstand i mer enn 15 minutter, eller direkte fysisk kontakt. Du skal være i karantene i minst 14 dager fra den dagen kontakten skjedde. Dersom du bor sammen med en person som er isolert med påvist koronavirus, skal du være i karantene fram til den syke ikke lenger er isolert, minst 14 dager etter at karantenen startet.
Vi skal hente ein heimkomen student frå utlandet som skal i heimekarantene. Må resten av familien i heimekarantene? I utgangspunktet er svaret nei. Unngå klemming og hald litt avstand. De kan sitte i same bil, men studenten kan sitte i baksetet. Ver ekstra påpasseleg med hygiene og reinhald av innesoner som dørhåndtak, servantar og liknande. Dersom studenten utviklar sjukdomsteikn, må de vere ekstra påpasselege med sosial kontakt. De kan og be om testing via korona-telefonen.
Kan vi bruke spikartelt/campingvogn på campingplassar i påska? Dei fleste camping-plassar i Surnadal kommune er stengt grunna smittevernomsyn. Eigar skal kommunisere dette til sine kundar.
Kan eg overnatte i sekundærbolig? Hytteforskrifta trer i kraft dersom sekundærboligen ligg i ein annan kommune enn der du er registerert busett.
Kan barn som ikkje er i heimekarantene, men isloerte pga stenging av barnehage og skule, leike saman? Ja. Dersom barna er symptomfrie kan dei leike i gruppe på 2-3 og få hjelp av ein vaksen til å halde litt avstand. Det kan vere lurt å leike mest ute og ha litt oversiktleg omgangskrets. Vis omtanke for andre sine ungar, så dei ikkje blir åleine.
Kan vi vere smitteberarar utan å vite det? Ja. Smittekontroll er vanskeleg når så få grupper blir testa. Det er difor ein har innført strengare karantenebestemmelsar og stengt skular og barnehagar. Målet er å begrense smitte.
Kven blir testa? -Pasientar med akutt luftvegsinfeksjon med behov for innleggelse (symptoma er feber, hoste, og/eller kortpustethet) -Innlagte pasientar i alle helseinstitusjonar med akutt luftvegsinfeksjon -Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid med akutt luftvegsinfeksjon (gjeld også apotekpersonell) -Personar med akutt luftvegsinfeksjon og som har vore i nærkontakt med smitta person -Spesielt sårbare grupper blir vurdert (sjølv ved milde symptom) 26.03.2020: Utvida testkriterier i Surnadal kommune: Kommuneoverlegen ber deg kontakte korona-telefonen for vurdering av behov for prøvetaking og bestilling av legetime, dersom eit av punkta under gjeld for deg: 1: du opplever aukande symptom på hoste, tungpust og/eller feber dei siste døgna 2: du er i karantene og er ikkje testa frå før Du treng ikkje ha symptom for å ta kontakt for å bli vurdert for testing under punkt 2 . Ring vår korona-telefon for å be om å bli vurdert for testing på telefon: 913 79 001 Korona-telefonen vidareformidlar til legesenteret. Du skal sjølvsagt framleis ringe fastlege/legekontor ved behov for alle typar helsehjelp du måtte trenge.
Eg er student. Kan eg reise heim til foreldra mine i påska? Ja, studentar som er friske kan reise heim til foreldre, men bør unngå kollektivtransport. Heimreisande frå Oslo-området må vere ekstra påpaselege for ikkje å ta med smitte heim.
Karanteneplikt ved smitte eller smitteeksponering Fra Helsenorge.no: Dersom du bor sammen med en person som er isolert med påvist koronavirus, skal du være i karantene fram til den syke ikke lenger er isolert, minst 14 dager etter at karantenen startet. Dersom du testes for koronavirus mens du er i karantene, og denne testen er negativ, skal du fremdeles fullføre karanteneperioden på 14 dager. (For helsepersonell gjeld særlege bestemmelsar).
Eg har spørsmål om permittering, dagpenger og omsorgspenger NAV har laga ei oversikt over reglar og kontakinformasjon og prøvar å hjelpe alle så godt som dei kan. Sjå NAV sine heimesider
Kan vi ta i mot besøk frå annan kommune eller reise på besøk til annan kommune i påska? Det nasjonale rådet er å unngå reiser til andre kommunar som ikkje er nødvendige. Fritidsreiser er eit eksempel på reiser ein bør unngå.