Karantenereglar og testing

 Piktogram av karantenereglar FHI  

Ofte brukte snarvegar i ei tid med mange endringar:

Ta karantenesjekkenTa koronasjekkBestill koronatestSjekk koronasertifikat

Informasjonsark (PDF, 587 kB)  ved gjennomføring av PCR-test i Surnadal kommune (ved unntak frå karantenehotell). Symptomfrie personar som ikkje allereie er omfatta av karanteneplikt eller råd om karantene, skal ikkje vere i karantene i påvente av prøvesvar. 

Koronasertifikat digitalt eller på papir

Koronasertifikatet viser om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt covid-19-sjukdom og resultatet dersom du har negativ koronatest. Det digitale koronasertifikatet finn du på helsenorge.no

Dersom du ikkje kan bruke digitalt koronasertifikat får du bistand via den nasjonale informasjonstelefonen for korona:

1.       Ha klart fødselsnummer eller d-nummer

2.       Ring informasjonstelefonen for korona:

  • Opningstid kl. 08.00 – 15.30, måndag til fredag.
  • Frå Norge: 815 55 015
  • Frå utlandet: +47 21 89 80 42

Smittekarantene

Nærkontakt-karantene:

Ved nærkontakt med ein person som er smitta med covid-19 gjeld karantenen i 10 døgn frå siste eksponering. Ved negativ test døgn 7 kan ein gå ut av smittekarantene.

Vente-karantene:

Ubeskytta husstandsmedlemmar til personar i smittekarantene skal vere i ventekarantene og følge vanlege karantenerglar inntil nærkontakten ein bur med har testa negativt eller til ein sjølv får negativ PCR-test tidlegast døgn 3 etter at den ein bur med hadde siste nærkontakt med den smitta. 

Lettelsar i smittekarantene for beskytta personar:

Fullvaksinerte (1-2 veker etter 2 dose): Ingen smittekarantene/vente-karantene.

Fått dose 1 (3-15 veker sidan): Kan gå ut av smittekarantene ved PCR-test mellom døgn 3 og 7 etter nærkontakt. Ingen ventekarantene..

Ved symptom på koronavirus eller ved nyoppstått luftvegsinfeksjon, bør alle teste seg, uavhengig av vaksinestatus/beskyttelse.

Innreisekarantene

Skillet mellom nødvendige og unødvendige reiser er fjerna. Hovudregelen er at tur/retur/innreise utlandet medfører innreisekarantene i 10 døgn, bortsett frå når du kjem frå land/område i EØS/Schengen/Storbritannia med tilstrekkeleg låg smittespredning. Det er mange unntak. Sjå unntak for beskytta personar under. For full oversikt over unntak frå opphald på karantenehotell, sjå regjeringen.no. 

For oppdatert karantene-kart: Sjå FHI.no

Reiserådet kor UD fraråder alle reiser som ikkje er strengt nødvendig er forlenga til 10. august for land utanfor EØS/Schengen og Storbritannia.

Fritak frå innreisekarantene:

  • Fullvaksinerte og personar som har gjennomgått covid-19 siste 6 mndr har fritak frå innreisekarantene. Dokumentasjon: Koronasertifikat.

Kan ta karantene heime og teste seg ut døgn 3:

  • Alle under 18 år
  • Personar som er beskytta mot koronavirus med dose 1 sidan 3-15 veker. Må dokumenterast med gyldig koronasertifikat.

Kan ta karantene heime/egna stad og teste seg ut døgn 7:

  • Andre reisande over 18 år
  • NB! Ved innreise frå mørkeraude land, eller land utanfor EØS/Schengen/Storbritannia gjeld karantenehotell første 3 døgn, deretterkarantene heime/på dokumentert egna stad 

Dokumentasjonskrav ved innreise

Ved innreise frå land/område med karanteneplikt skal du fylle ut digitalt innreiseskjema, framvise gyldig koronasertifikat med negativ koronatest siste 24 timar og ta ny koronatest.(Merk: Lettelsar for beskytta personar jf koronasertifikat)
Meir om reglar og unntak finn du på

helsenorge.no