29.05.2020: Ny utvida opningstid BHG/SFO og siste nytt om skuleskyss

Klikk for stort bildeDet er i dag sendt ut brev til heimane om ny utvida opningstid i barnehagane og SFO, samt siste nytt om skuleskyssordninga:

Til foreldre/føresette!

Gjeld utvida opningstid i barnehagar og SFO og skuleskyss for ungdomstrinnet

Da er vi glade for at barnehagar, SFO og grunnskulane har fått nye og oppdaterte nasjonale smittevernrettleiarar som gjeld frå tysdag 02.06.20.

Dei nye smittevernrettleiarane har ulike tiltak ut frå tre tiltaksnivå – grønt, gult og raudt. Tiltaksnivået er no sett til gult nivå for barnehagar, SFO og grunnskulen. Det vil seie at vi framleis har tiltak for å førebyggje smittespreiing, men at desse frå tysdag er redusert frå raudt nivå.

Det vil framleis vere deling i faste grupper med faste vaksne, men at gruppene kan tilsvare ei ordinær barnehageavdeling eller ei klasse/eit trinn. Det skal framleis ikkje vere for mykje blanding mellom gruppene. Dette gjer at vi kan utvide opningstida i barnehagane og SFO enda meir.

Ny utvida opningstid
Frå tysdag 02.06.20 blir alle barnehagane og SFO - tilboda i heile kommunen med unntak av Stangvik oppvekstsenter, opne frå kl. 07.00 til 16.00. Stangvik oppvekstsenter er ope frå kl. 07.30 til 16.30.

For barn med foreldre i samfunnskritiske funksjonar, kan de ta kontakt med eigen barnehage/SFO om andre behov.

Skuleskyss
Når det gjeld skuleskyss, blir skuleveke 23 for ungdomstrinnet slik den er tidlegare varsla. Det er akkurat no kome melding om at skuleskysstilbodet frå måndag 08.06.20, vil bli køyrd normal skuleskyss for ungdomstrinnet. Eventuelle endringar for dei andre trinna frå 08.06.20 vil det kome melding om i løpet av neste veke.

Måltid
Vi ber framleis om at barna et frukost heime, og tek med matpakke til dei andre måltida. For dei barna som kjem før kl. 07.30 og som ikkje har ete frukost, kan ein ta med ei ekstra matpakke til frukost. Det vil ikkje bli kravd kostpengar frå 13.03.20 og resten barnehage- og skuleåret 2019/20.

Riktig god pinse!

Mbh

Astrid M. Høivik
Kommunalsjef
Surnadal kommune