Oppstart i 1. - 4. trinn og SFO

Klikk for stort bildeAlle barneskulane i kommunen blir opna for 1.- 4. trinn og SFO frå måndag 27.04.20. Undervisningstida og skuleskyssen vil gå som normalt.

Surnadal kommune forheld seg til dei nasjonale tiltaka ved reopning av 1.- 4. trinn og SFO, og er godt nøgde med den nasjonale smitterettleiaren barnetrinnet og SFO, som vi meiner gir gode og trygge rammer for opninga. 

Alle barneskulane i kommunen blir opna for 1.- 4. trinn og SFO frå måndag 27.04.20. Undervisningstida og skuleskyssen vil gå som normalt. SFO vil vere opne frå kl. 08.00 til 14.30 kvar dag i den første veka. Det vil bli gjeve eit trygt og godt tilbod til alle elevane på 1.- 4.trinn og i SFO.

Vi anbefaler dykk også å sjå filmen Nå åpner skolen igjen saman med barna, før dei byrjar i skulen igjen.

Ein annleis skulekvardag

Sjølv om vi reopnar skulane, vil det vere ein annan skule-kvardag enn vi er vant med. Det er sterkt fokus på at både barn og vaksne i skulen skal vere heime om ein berre føler seg litt sjuk, vi skal vaske hendene jamt, og vere saman i mindre elevgrupper med nokre få vaksne.  

For meir informasjon kan du lese brev til heimane i lenka under.