Status for barnehage og skule

Regjeringa har tysdag 07.04.20 bestemt at barnehagane i heile landet gradvis skal opnast igjen frå måndag 20.04.20. Det same gjeld for skulane, som gradvis blir opna frå måndag 27.04.20. Da blir skulane opna for 1.- 4. trinn og SFO. For 5.- 10.trinn blir opplæringa framleis gjeve som fjernopplæring.

For barn som har særskilde behov, vil det framleis vere dagtilbod uavhengig av alder.

Ei gradvis reopning byggjer på ein rapport frå ei nasjonal ekspertgruppe om tiltak på skule- og barnehageområdet under koronautbrotet våren 2020. 

Oversikt over rapportar som er lagt til grunn for ei gradvis reopning og normalisering av samfunnet:

Surnadal kommune har tillit til dei vurderingane som regjeringa har gjort. Dette er eit ledd i normaliseringa av kvardagen til barna våre.

Det skal utarbeidast nasjonale rettleiarar for hygienetiltak i barnehagane og skulane. For barnehagane kjem rettleiaren torsdag 16.04.20 og for skulane måndag 20.04.20.

Surnadal kommune følgjer dei nasjonale retningslinene, og er godt i gang med å planlegge ei gradvis reopning av barnehagane og skulane for 1.- 4.trinn og SFO. Vi vil sende ut meir informasjon når rettleiarane er komne, om korleis den praktiske oppstarten blir. Det skal vere trygt å sende barna til barnehagen og skulen.

Dei viktigaste hygienetiltaka er framleis:

  • God handhygiene
  • Unngå å hoste og nyse
  • Halde avstand

Dette gjeld i heimane, i barnehagane og skulane. For barn som tilhøyrer risikogruppa eller har nokon du bur saman med som tilhøyrer risikogruppa, blir det for elevane framleis fjernopplæring. Det er fastlegane som gjer desse vurderingane.

Har du spørsmål, ta kontakt med din barnehage eller skule.

 

12.03.2020: Stenging av skular, utdanningsinstitusjonar og barnehagar er ein nasjonal dugnad med omgripande tiltak innan ein førebels tidsperiode frå kl. 18.00 12.mars- 26. mars.

24.03.2020: Tiltaka er forlenga nasjonalt til og med 13. april og kan bli ytterlegare forlenga.

25.03.2020: Regjeringa har beslutta å avlyse alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn og alle skriftlege eksamenar i vidaregående skule våren 2020. Alle elevar får vitnemål sjølv om eksamen vert avlyst. Les meir her.

For elevar ved Surnadal ungdomsskule:

Elevane får tilbod om fjernundervisning. Det er oppretta kontakt på Teams (ein app dei finn når dei loggar seg på i office.com) mellom elevar og kontaktlærar. Arbeidsplan blir lagt ut måndag 16. mars. Kontaktlærar tek kontakt med elevar kl. 09.00 via Teams kvar dag. Skulen har FB-grupper for trinna som føresette og bør følgje med på.

For elevar ved barneskulane:

Elevane vil få tilbod om fjernundervisning. Det blir oppretta kontakt på Teams (ein app dei finn når dei loggar seg på office.com) mellom elevar og kontaktlærar. Mange har fått arbeidsoppgåver allereie. Dersom kontaktlærar brukar FB-gruppe i dialog med føresette, er det nok lurt å følge med litt der. Skuletida startar kvar dag kl. 09.00 i Teams.

For meir informasjon om stenging av barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar, og kven som har krav på barnepass eller tilbod på skule, sjå

Helsedirektoratet si heimeside