Oppdatert i tråd med nasjonale endringar 5. april:
Fråvær
- Nytt frå 5. april 2022: Dersom du blir smitta med korona er det ikkje lenger ei anbefaling om å halde seg heime i 4 døgn. Du bør som elles halde deg heime dersom du er sjuk.
- Barnehagebarn og skuleelevar kan gå på skulen eller i barnehagen når dei er friske og har vore utan feber i 24 timar (som elles).
Testing
- Nytt frå 5. april 2022: Det er ikkje lenger ei generell anbefaling om å teste seg ved nyoppståtte luftvegssymptom
- Du kan sjølvsagt framleis ta ein hurtigtest!
Hurtigtest (sjølvtest)
Innbyggarar i Surnadal kommune med nyoppståtte symptom kan hente hurtigtest i gangen på Familiens hus ved kommunehuset (inngang Helsestasjonen). Opningstid: Kvardagar mellom kl. 09.00 - 16.00.
Vi ber om at du ikkje hentar ut meir enn det du treng. Sprit hendene. Bruk munnbind i lokala til Familiens hus dersom du er sjuk. Følg bruksanvisninga og hugs å oppbevare hurtigtesten mellom 2 - 30 grader celsius før bruk. Du kan framleis melde kommunen om positiv hurtigtest under:
MELD INN POSITIV HURTIGTEST TIL KOMMUNEN
Bekreftande antigen hurtigtest
Tilhøyrer du ei av gruppene under kan du ringe Vaksinetelefonen 913 79 001 for å bestille bekreftande antigen hurtigtest utført av helsepersonell:
- Personar med primær eller sekundær immunsvikt
- Uvaksinerte og delvaksinerte utan oppfriskingsdose som treng koronasertifikat
- Barn og ungdom 0- 16 år
- Helsepersonell som er antatt smitta i forbindelse med pasientkontakt
Nettsider for reise til utlandet
Kontakttelefonar
- Korona-/ vaksinetelefon 913 79 001 mellom kl. 9 - 15 og 947 94 147 etter kontortid
- Kommuneoverlege Bjørn Buan: Telefon 905 62 814
Er du bekymra for din eigen eller barnet ditt sin almenntilstand ved koronasjukdom skal du kontakte fastlegen din ( i kontortida) eller legevakt 116117 (på kveld/helg).