Testing for koronavirus i Surnadal

Klikk for stort bildeFoto: CDC, Alissa EckertDet skal vere låg terskel for å be om testing for koronavirus. Sjå gjeldande retningsliner for testing under.

Bestill koronatest på nett

No kan du bestille tidspunkt for koronatest digitalt. Surnadal kommune har teke i bruk booking-løysinga c19. Alt du treng er elektronisk ID.

Bestill koronatest i Surnadal på nett

Råd og rettleiing for koronatest

Dersom du ikkje er digital brukar eller treng hjelp til å bestille koronatest kan du ringe Surnadal legesenter får rettleiing.

  • Telefon: 71 65 78 00. Telefontid: kl. 09.00-12.00 og kl. 13.00-15.00 alle kvardagar
  • Dersom du treng helsehjelp eller vurdering frå lege må du også kontakte Surnadal legesenter på telefon: 71 65 78 00
  • Etter kontortid skal ein kontakte legevakta på telefon 116117.
    Ved livstruande sjukdom, ring naudnummer 113. 

Drive-in test

Du må sitte i eigen bil under gjennomføringa av testen. Legevakta i Surnadal har same innkjørsel som ambulansestasjonen. Møt eit par minutt før oppsett tid og vent i bilen på å bli vinka fram for testing. 

Råd om testing og ulike karantenebestemmelsar