Testing og karantene

Klikk for stort bildeFoto: CDC, Alissa EckertDet skal vere låg terskel for å be om testing for koronavirus. Sjå gjeldande retningsliner for testing og karantene under.

19.02.2021: No må innkvartering ved innreisekarantene førehandsgodkjennast

Arbeidstilsynet melder: Arbeidsgivere som selv ønsker å tilby innkvartering for innreisekarantene, må nå søke og få lokalene forhåndsgodkjent av Arbeidstilsynet. Søkeordningen åpner mandag 22. februar kl. 12. Ordningen er ett av flere tiltak for å begrense koronasmitte i arbeidslivet. Søknadsskjema blir å finne hos Arbeidstilsynet.

12.02.2021: Testkriteria er revidert

FHI gir råd om testing av nærkontaktar ved start og avslutning av karantene. Ved uoversiktlege utbrot eller utbrot med meir smittsame virusvariantar er råd om testing utvida frå nærkontaktar til å inkludere miljøet (jobb og skule) kring den smitta. Det gis også råd om jamleg testing i enkelte miljø ved større utbrot. Les meir hos FHI.

18.01.2021: Alle innreisande til Norge må teste seg på grensa

Dette er obligatorisk frå 18. januar kl. 17.00. Det blir jobba nasjonalt for å løyse problemet med å kunne dokumentere negativ grensetest for personar som ikkje er busett i Norge og ikkje har tildelt D-nummer. Les meir om innreiserestriksjonar her.

02.01.2021: Testplikt og registrering ved innreise til Norge

Obligatorisk testing ved innreise frå raude land innførast i tillegg til eksisterande tiltak som:

  • krav om covid-19-test tatt <72 timar før innreise
  • krav om utfylt registreringsskjema ved ankomst til Norge
  • karantenekrav i 10 døgn

Det finnes fleire unntak. Privatpersonar som har spørsmål knytta til testing for innreisande, bes besøke Helsenorge.no, eller ringe informasjonstelefonen.

Testing i Surnadal i jula:

23., 26., 28., 29., 30. desember og 2. januar. Bestill tidleg om morgonen for testing same dag. Ved bestillin på ettermiddag/kveld får du første ledige tidspunkt på neste aktuelle testdag i jula.

28.12.2020: Nye karantenereglar ved innreise til Norge:

Karanteneplikt i 10 dagar. Dersom ein tester negativt ved første og andre test, etter ankomst til Norge kan innreisekarantene forkortast til 7 dagar, men dette er ikkje ein rett. Dette gjeld ikkje for personar som har opphalde seg i Storbritannia eller Sør-Afrika i dei siste 14 dagane før ankomst til Norge. Dersom ein ikkje testar seg, er karantenetida framleis 10 dagar.  Les meir her.

13.12.2020: Revidert forskrift om innreisekarantene og 6 unntak frå karantenehotell

Les meir her.

09.11.2020: Nye reglar om karantene og testing for reisande frå utlandet til Norge

Fylkesmannen formidlar følgande informasjon frå Helsedirektoratet vdr nye reglar for reisande frå utlandet til Norge:

Informasjonsskriv om arbeidsreisande (PDF, 157 kB)

Informasjonsskriv om innreisande generelt (PDF, 159 kB)

Informasjon til dei som jobbar med reisande (PDF, 194 kB)

Bestill koronatest på nett

No kan du bestille tidspunkt for koronatest digitalt. Surnadal kommune har teke i bruk booking-løysinga c19. Alt du treng er elektronisk ID.

Bestill koronatest i Surnadal på nett

Råd og rettleiing for koronatest

Dersom du ikkje er digital brukar eller treng hjelp til å bestille koronatest kan du ringe Surnadal legesenter får rettleiing.

  • Telefon: 71 65 78 00. Telefontid: kl. 09.00-12.00 og kl. 13.00-15.00 alle kvardagar
  • Dersom du treng helsehjelp eller vurdering frå lege må du også kontakte Surnadal legesenter på telefon: 71 65 78 00
  • Etter kontortid skal ein kontakte legevakta på telefon 116117.
    Ved livstruande sjukdom, ring naudnummer 113. 

Drive-in test

Du må sitte i eigen bil under gjennomføringa av testen. Legevakta i Surnadal har same innkjørsel som ambulansestasjonen. Møt eit par minutt før oppsett tid og vent i bilen på å bli vinka fram for testing. 

Slik får du SMS-varsel om testsvar frå Helsenorge

Du kan bestemme om du vil ha varsel på SMS, e-post eller begge delar. Dette gjer du ved å endre dine innstillingar på helsenorge.no/kontaktinformasjon.

Råd om testing og ulike karantenebestemmelsar