Nye nasjonale tiltak for testing og karantene

Roche Diagnostics

Ofte brukte snarvegar i ei tid med mange endringar:

Ta karantenesjekkenTa koronasjekkSjekk koronasertifikat

Reglar for testing og karantene 

Vi viser til utfyllande karantenebestemmelsar og unntak frå smittekarantene på helsenorge.no

Myndigheitene har varsla at omikron no vil gå gjennom befolkninga. Framover må vi fortsette det gode samarbeidet og prøve å unngå at for mange blir smitta samtidig. 

A. Uendra: Personar med påvist covid-19 - uansett vaksinestatus:

  • Du har symptom: Isolasjon i minimum 6 døgn frå du fekk symptom. Du må ha vore feberfri utan bruk av febernedsettande medisin i minst 24 timar for å kunne avslutte isolasjonen. Viss ikkje må isolasjonen forlengast etter 6 døgn til dette kravet er oppfylt. Du kan ha lette restsymptom.
  • Du har ikkje symptom: Isolasjon i 6 døgn frå du tok positiv test.

B. (Endring kjem) Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til personar med påvist covid-19:

Alle som bur saman med ein person med påvist covid-19 eller som er tilsvarande nære (eks. kjærast eller som har vore på overnatting) skal testast så raskt som muleg og har som hovudregel smittekarantene i 10 døgn etter siste nærkontakt. 

  • Skal så raskt som muleg teste seg. Ved negativ test på døgn 7 etter nærkontakten kan karantenen avsluttast. Sjå under kven som framleis er anbefalt PCR-test. Barn under 16 år skal ikkje testast dersom det er uforholdsmessig krevjande å få tatt test av barnet.
  • Dersom du bur saman med den som er smitta og ikkje kan halde nok avstand skal du begynne å telje 10 døgn i smittekarantene når personen du bur med har vore 4 døgn i isolasjon. Det betyr at den totale karantenetida blir 14 døgn.

    Du skal ta ein koronatest etter 11 døgn (4 + 7) og avslutte smittekarantene dersom den er negativ. Følg råda du får frå smittevernteamet.

C. Øvrige nærkontaktar til personar med påvist covid-19:

Smittekarantene for nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmar eller tilsvarende nære den smitta er no oppheva og erstatta med testing.

  • Øvrige nærkontaktar er anbefalt å teste seg på døgn 3 og 5 etter nærkontakten.
  • Ha god symptomobservasjon i 10 døgn. Ved symptom skal du halde deg heime og teste deg. 

 D. Unntak frå smittekarantene 

  • Du har hatt covid-19 i løpet av siste 3 månader
  • Du har fått oppfriskingsdose (dose 3) for minst 1 veke sidan. Hussandsmedlemmar og tilsvarande nære med oppfriskingsdose må i tillegg testast dagleg med hurtigtest i 7 dagar
  • Du er øvrig nærkontakt under 18 år og ikkje husstandsmedlem eller tilsvarande nære.
  • Samfunnskritisk personell og personell som er strengt nødvendig for å ivareta befolkninga sine grunnleggande behov, og som er i same husstand eller tilsvarande nære ein smitta person, har unntak frå smittekarantene i arbeidstida dersom dei er fullvaksinerte og brukar munnbind. 

Nye anbefalingar om hurtigtest og PCR-test

Helsedirektoratet har endra anbefalingane om kven som treng å bekrefte positiv hurtigtest med PCR-test. Det er framleis varlsingsplikt og isolasjonsplikt uansett test positiv for covid-19. 

Desse er ikkje lenger anbefalt PCR-test:

Dersom du har fått ei tredje dose koronavaksine eller du har fått to doser med koronavaksine og i tillegg har hatt covid-19 i løpet av dei siste tre månadene, treng du ikkje lenger å bekrefte ein positiv sjølvtest med PCR-test. Ein positiv sjølvtest vil heretter gi deg status som smitta med plikt til varsling og isolasjon.

Desse er framleis anbefalt PCR-test:

Personar som av medisinske årsakar treng å få stilt diagnose, barn under 16 år, og uvaksinerte/ delvaksinerte som treng koronasertifikat, er framleis anbefalt PCR-test.

Ved press på kommunal testkapasitet vil barn under 16 år og personar i kontakt med helsetenester bli prioritert PCR-test.

Varsling ved positiv sjølvtest

Ved positiv sjølvtest skal du gå i karantene og varsle kommunehelsetenesta for oppfølging og registrering. Dette gjer du ved å ringe til:

  • Kommuneoverlege Bjørn Buan: Telefon 905 62 814 eller til
  • Einingsleiar Helse og familie Gunn Bredesen: Telefon 481 22 549
  • Føresette varslar på vegne av barn og unge under 16 år. 

NB! Surnadal kommune vil om kort tid legge ut ny informasjon og lenke til sjølvregistrering av positiv hurtigtest og nærkontaktar. 

  • Dersom du er anbefalt PCR-test: Teststasjonen vår er open for bestilling av PCR-test måndag, onsdag og fredag. Bestill koronatest på c19.no
  • Symptomfrie personar som er pålagt å framvise PCR-test i forbindelse arbeidreiser kan henvende seg til Surnadal legesenter på telefon: 71 65 78 00.

Hent hurtigtest på Familiens Hus

Ved symptom eller nærkontakt: Innbyggarar i Surnadal kommune kan no hente seg hurtigtest til privat bruk i gangen på Familiens hus ved kommunehuset (same inngang som Helsestasjonen). Du treng ikkje ringe eller seie frå ved henting. Gjeld også nærkontaktar. Vi ber om at du ikkje hentar ut meir enn det du treng. Barn og skuleelevar får utdelt hurtigtest frå sin barnehage eller skule kvar veke. 

Følg bruksanvisninga nøye og hugs å oppbevare hurtigtesten mellom i temperatur mellom 2 - 30 grader celsius før bruk.

Opningstid: Kvardagar mellom kl. 09.00 - 16.00.

Smittevern: Av omsyn til alle som ferdast i lokala til Familiens hus, ber vi om at du brukar munnbind og spritar hendene godt. Er du sjuk ber vi om at andre hentar for deg.