Ny sjølvbetent hentestad for hurtigtestar til innbyggarane i Surnadal kommune
Frå og med i dag, kan du hente deg hurtigtest i gangen på Familiens Hus (same inngang som Helsestasjonen ved kommunehuset) kvardagar mellom kl. 09.00 - 16.00.
Innafor døra står det ei tralle som vi fyller opp kvar dag. For at vi ikkje skal gå tomme for hurtigtestar, er det viktig at du berre hentar det du treng. Kommunen får tilsendt hurtigtestar veke for veke.
Smittevern ved sjølvbetening i Familiens Hus
Her er det mange som ferdast til dagleg. Bruk difor munnbind og sprit hendene godt ved henting av hurtigtest. Er du sjuk ber vi om at andre hentar for deg.
Informasjon frå Folkehelseinstituttet som forklarar når du skal halde deg heime og når du kan komme på jobb/skule/barnehage finn du her.
Positiv sjølvtest registrerer du digitalt på kommunens nettside via knappen under
MELD POSITIV HURTIGTEST TIL KOMMUNEN
eller ved å ringe:
- kommuneoverlege Bjørn Buan: Telefon 905 62 814 eller til
- einingsleiar Helse og familie Gunn Bredesen: Telefon 481 22 549
Føresette varslar på vegne av barn og unge under 16 år.