Inn på tunet-tilbod for eldre heimebuande

innpåtunet_høner - Klikk for stort bilde Surnadal kommune har i samarbeid med to private tilbydarar organisert eit triveleg Inn på tunet-tilbod for heimebuande personar som har behov for meir aktivitet i kvardagen. Målgruppa er personar som har utfordringar med hukommelse og liknande.

Om Inn på tunet-tilbodet:

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Reviderte og godkjende gardar tilbyr aktivitetar som gjev meiningsfylt arbeid, kjensle av meistring, utvikling og trivsel.

4 dagar i veka:

  • 2 dagar på Bele, Jostua
  • 2 dagar på Oppistua Øye

Tilbodet varer i 5 timar frå tilbydar reiser heimafra til ho er tilbake etter levering av alle deltakarane. Opphaldstida vil difor variere avhengig av kor spreidt deltakarane bur.

Det er små grupper på maks. tre personar per dag.

Det vert servert to måltid (førmiddagsmat og middag) og vi held på med ulike aktivitetar tilpassa årstida og den enkelte deltakar.

Stikk-innom-tilbod:

Under føresetnad av at det er ledige dagplassar på ein av gardane er det muleg å nytte dette tilbodet. Det lyt avklarast med vakttelefon i heimetenesta minimum dagen før.

Måndag-fredag kl. 08:00-15:00

logo_innpåtunetsurnadal - Klikk for stort bilde Kontakt for bestilling av tilbod:

  • Heimetenesta:                 902 06 398
  • Koordinerande eining:     482 03 716
  • Helga Bele:                      404 76 087
  • Solveig Haglund:             997 22 268

 

 

Betaling:

Ved dagtilbod skal de betale kr. 230,- per dag.

Dette inkluderer 2 måltid og transport til og frå tunet. Det blir gjeve betalingsfritak ved sjukdom/sjukdomsinnlegging og når fråveret blir varsla minst 2 dagar på førehand. De skal betale for tildelt dagtilbod per månad. Dersom de ikkje ønskjer å nytta dagtilbodet har de oppseiingsfrist på 14 dagar.

Inn på tunet Surnadal har eiga Facebook-side