Prisar på ulike opphald ved sjukeheimen

Korttidsopphald

Ved korttidsopphald skal pasienten betale eigenandel for opphald i institusjon etter ein fast sats pr. døgn dei første 60 døgn i kalenderåret.

Dersom pasienten får fleire korttidsopphald som gjer at vedkomande passerer 60 døgn i institusjon i eit kalenderår, blir betalinga utrekna etter inntekt frå og med det 61. døgnet, med frådrag for bu-utgift i eigen heim.

For korttidsopphald på institusjon er den maksimale eigenandelen kommunen kan kreve kr. 165,- pr døgn. For dag-/ nattopphald er maksimalsatsen kr. 85,-.

Langtidsopphald

For dei som har fått langtidsopphald, skal betalinga for opphaldet utreknast etter inntekt, men får da ikkje frådrag for bu-utgifter i eigen heim.

Dersom pasienten får langtidsopphald før vedkomande har hatt opphald i 60 døgn i kalenderåret, har pasienten rett på ein betalingsfri månad, for deretter å betale etter inntekt.

Dagtilbod

Betalingssats 2020 for dagtilbod ved dagsentret er kr 275,-, og inkluderer aktivitetar, mat og transport til og frå.

Kontaktinformasjon

Sjukeheimen
Telefon 71 65 82 00
Ann Grete Gravvold
Konsulent Surnadal sjukeheim
E-post
Mobil 469 58 184
Marit Moe Kvendbø
Einingsleiar Surnadal sjukeheim
E-post
Mobil 975 09 871

Adresse

Bårdshaugvegen 22
6650 SURNADAL