Aktivitet/Ettervern-rus

 

Aktivitet/Ettevern-rus er ein del av helse og omsorg-tenestetilbodet til befolkninga i Surnadal Kommune.

Dette er eit lågterskeltilbod for personar over 18 år som slit med rusavhengighet, og pårørande som er knytt til rus.

Formålet med aktivitet er å endre livsmønster og auke livskvaliteten. Aktivitet vil bidra og motivere til å bli rusfri.

 

Kven kan få tilbod?

 

Personar som slit med rusavhengighet  (legal og/eller illegal rusmiddel) og har mål om å bli rusfri, og har behov for bistand til å oppnå det.

Pårørende til menneskje med rusproblematikk.

Kva for tilbod kan du få?

 

Aktivitet kan bidra til at du kjem ut i frå isolasjon og einsemd. Du vil føle at du høyrer til, og bli kjend med nye menneskje.

Tenesta er gratis, og dei tilsette har teieplikt.

Aktivitetar blir tilpassa etter dine ønske og behov. Det kan vere individuell aktivitet, eller i gruppe. 

  • Oppfølging etter opphald i spesialisthelsetenesta/rusinstitusjonar
  • Støttesamtale og rettleiing
  • Bistand til pårørande
  • Turar og fysisk aktivitet
  • Innandørs klatring
  • Sosiale aktivitetar
  • Kreativ verkstad,
  • Praktisk verkstad

 

Du treng inga tilvising frå fastlege eller andre. Voksne over 18 år, pårørande og tverrfaglege samarbeidsaktører kan tak direkte kontakt per telefon, mail eller personleg oppmøte.

Kontaktinformasjon:

Aktivitetskontakten held til ved:

Elvebredden møteplass

Sommerrotunet Aktivitetshus

Røssmovegen 26,

6650 Surnadal   

Opningstid: Mån-fre 08:00-16:00

Kontaktinformasjon

Linda Margareth Øye
Aktivitetskontakt
E-post
Mobil 476 83 407