Koronavaksinering i Surnadal kommune

Surnadal kommune følger planen for koronavaksinering av befolkninga vår. På denne sida vil vi fortløpande informere om organisering og gjennomføring av koronavaksinering i vår kommune. 

Kontaktinformajson koronavaksinering

Du kan når som helst sende melding på e-post til vaksine@surnadal.kommune.no. Vi sjekkar og svarar jamt. 

FHI: Svar på ofte stilte spørsmål om vaksinering av barn 12 - 15 år

Aktuelle nyheiter

16.09.2021: Informasjon om kven som er anbefalt og kan bestille 3. dose koronavaksine

31.08.2021: Slik blir innspurten på koronavaksineringa

19.08.2021: Koronavaksinasjon til 16-17 åringar

18.08.2021: Koronavaksinasjon til gravide

16.08.2021: 1200 vaksinedosar til Surnadal i veke 34

09.08.2021: Du kan få andre vaksinedose tidlegare (oppdatert 10.08.21)

27.07.2021: Status koronavaksinering i Surnadal

14.07.2021: Ikkje ta med barn til koronavaksinering

01.07.2021: Sommarvaksinering og ferieplanlegging

29.06.2021: Lokalt vaksineringsscenario t.o.m veke 33

14.06.2021: Status frå koronavaksineringa og informasjon til studenter med fleire

03.06.2021: Siste nytt frå koronavaksineringa veke 23+

03.06.2021: Lokalt vaksineringsscenario - oppdatert

20.05.2021: Koronavaksineringa i sommar - oversikt

11.05.2021: Koronavaksineringa - periode med kun dose 2

29.04.2021: Slik blir koronavaksineringa ut våren og i sommar

26.04.2021: AstraZeneca-vaksinerte får tilbod om mRNA-vaksine som dose 2

16.04.2021: Koronavaksinering i veke 17

13.04.2021: Koronavaksineringa veke 16

06.04.2021: Koronavaksineringa i veke 14 og 15

25.03.2021: Koronavaksinering i veke 12, 13 og 14 - oppdatering

18.03.2021: Koronavaksinering i veke 12 og i påskeveka - informasjon

08.03.2021: Koronavaksinering i veke 10 og 11 - ny informasjon

03.03.2021: Koronavaksineringa i veke 9 og 10 - informasjon

16.02.2021: Koronavaksinering i veke 6, 7 og 8 - informasjon

29.01.2021: Koronavaksinering i veke 5 - informasjon

20.01.2020: Koronavaksinering i veke 4 - informasjon

07.01.2021: Første koronavaksine sett på sjukeheimen 

06.01.2021: Mottak av første forsending med 25 doser (5 hetteglas a min. 5 doser)

21.12.2020: Brev frå kommunen med informasjon om koronavaksinering av risikogrupper sendt til alle innbyggarar 65 år og oppover.

15.12.2020: Utsending av vaksineutstyr frå Helsedirektoratet

Unngå vaksine-svindel

Hugs dette:

  • Koronavaksinen er gratis - det er INGEN eigenandel!
  • Det er svindel dersom du skulle få henvendelsar om koronavaksine mot betaling 
  • Det er svindel dersom nokon ber deg oppgi betalingsinformasjon/ kontonummer 
  • Det er kun Surnadal kommune som tilbyr koronavaksine til innbyggarane her og vaksineringa skjer kun i kommunen
  • Vi kallar deg inn på SMS ved å sende deg ei tekstmelding på mobilen som ser slik ut (telefonnummeret er til kommunens Vaksinetelefon): 

Du er prioritert for koronavaksinasjon: Logg inn på https://c19.no/vaksine for å bestille time så raskt som mulig. For hjelp til bestilling ring 91379001.

  • Dersom du mottek ein henvendelse om koronavaksine mot betaling, skal du straks avbryte og varsle politiet om hendinga. 
Kva er kommunen sitt ansvar?

Koronavaksineringsprogrammet følger ansvarsfordelinga i Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram og Nasjonal beredskapsplan mot utbrudd av alvorlige smittsomme sjukdommar:

  • Kommunen skal organisere vaksinasjonane slik den finner det mest hensiktsmessig for å oppnå høgast muleg vaksinasjonsdekning i målgruppene, og samtidig sørge for å halde oversikt over kven som er vaksinert. 
  • Kommunen skal sørge for å etablere rutiner for samarbeid mellom dei kommunale tenestene som skal sørge for at oppgåver etter forskrifta blir utført, og eventuelle private helsepersonellutøvere som kommunen har avtale med. 
  • Kommunen skal gi nødvendig informasjon til befolkninga om vaksinasjonsprogrammet, korleis vaksinasjon er organisert lokalt og kor dei kan få gjennomført vaksinasjon 
  • Gjennomføre vaksinasjon av eiget helsepersonell
Kvifor ta koronavaksine?

Hovedmålet med koronavaksine er å beskytte liv og helse til dei som er mest utsett for covid-19 sjukdommen. Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.

Biverknader

Ingen vaksiner mot covid-19 blir godkjent for bruk i Norge utan at det er konkludert med at nytten er langt større enn risikoen. 

Aktuelle vaksiner

Bivierknader generelt

Alle vaksiner kan gi biverknader. Informasjon om biverknader er henta frå studier der deltakarane er fulgt opp i 6 veker etter 2. dose. Dei aller fleste biverknadene oppsto 1-2 dagar etter vaksinasjon, var milde/moderate og gjekk over etter nokre dagar. Bivirkningar var generelt mildare blant personar ≥ 65 år. Dei vanlegaste rapporterte bivierknadene var:

  • Smerter på injeksjonsstaden
  • Trøttheit, hodepine, muskelsmerter, frysningar, leddsmerter, feber

Eit mindre antal vaksinerte kan få meir kraftige lokale og systemiske biverknader. 

Frå studia som er gjort til no er det god kunnskap om vanlege og mindre vanlege biverknader i gruppene som har fått vaksine. Sjeldne bivierknader kan ikkje utelukkast.

Kjelde: FHI Koronavaksine

Kven vil få tilbod om vaksine først?

Ill: FHI I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som er anbefalt koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringen gitt følgande prioritering: 

  1.  Bebuarar i sjukeheim
  2.  Alder 85 år og eldre
  3.  Alder 75 - 84 år
  4.  Alder 65 - 74 år og enkelte personar med høg risiko 18 - 64 år
  5.  Alder 55 - 64 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  6.  Alder 45 - 54 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  7.  Alder 18 - 44 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  8.  Alder 55 - 64 år
  9.  Alder 45 - 54 år
  10. Alder 18 - 24 år og 40 - 44 år
  11. Alder 25 - 39 år
Innkalling og bestilling

SMS-innkalling med tilbod om vaksine

Kvar veke kallar vi inn personar på SMS med ei tekstmelding og lenke til påmelding, alt etter kor mange vaksiner vi får tilsendt. Etter at du har fått SMS frå oss kan du logge deg inn med elektroniskID på nettsida c19.no og takke ja eller nei. Det fungerar akkurat som når du loggar deg på nettbanken din.

Be gjerne pårørande eller nokon du kjenner godt om hjelp. Det går fint an for andre logge seg inn med sin BankID og bestille for andre så lenge ein oppgir rett personnummer og telefonnummer til den som har motteke SMS-innkallinga.

Vi åtvarar mot å dele passord og brukarnamn med andre. Det går ikkje an å bestille vaksine før ein har fått SMS-innkalling frå oss med tekstmelding på mobilen sin.

Når du har takka ja får du tildelt oppmøtetid, stad og sete du skal sitte på under vaksineringa. Du blir møtt av vaksinevertar i døra på Surnadal kulturhus. Ha på munnbind og overdel med ermer som er lette å brette opp. Det heile tek omlag ein time.

Ver obs på vaksine-svindel

Dersom du skulle få henvendelsar om koronavaksine kor du får tilbod om å snike i vaksineringskøen mot betaling, er dette svindelforsøk. Vi vil aldri be deg oppgi betalingsinformasjon - vaksinen er gratis! Det er kun kommunen som tilbyr koronavaksiner til innbyggarane og ein kan skal kun besvare SMS-tilbod frå oss via nettsida c19.no eller ved å ringe kommunen sin Vaksinetelefon.  

Vaksinetelefon: 913 79 001

Dersom du har fått SMS-innkalling ikkje har nokon til å hjelpe deg, eller du må utsette vaksinen og treng råd, kan du ringe vår Vaksinetelefon måndag-fredag mellom kl. 09.00- 15.00.

Ingen blir gløymt

Dersom vi ikkje høyrer frå den som har motteke SMS-innkalling, ringer vi vedkommande opp. Ingen vil bli oversett eller gløymt.

Når skal du kontakte fastlege

Dersom du er usikker på om du kan ta vaksinen av medisinske årsakar, er det lurt å rådføre seg med fastlege.

Fastlege i annan kommune

Er du i risikogruppe med tilleggssjukdom og har fastlege i annan kommune, må du be fastlegen din om å melde frå om dette til Vaksinetelefonen i Surnadal kommune.

Informasjon på kommunen sine nettsider og i lokalpressa

Vi vil informere om kor mange i kva for aldersgruppe som får tilbod vaksine, veke for veke, heilt til alle er vaksinerte. Dette vil ta tid. Ein må belage seg på å vere tolmodig. Informasjon vil komme på kommunen sine nettsider, FB-side og i lokalavisene.

Vaksinekalender

 Følg med på vår Vaksinekalender lenger ned på denne sida.

Vil du vite meir om koronavaksine?

Informasjonside om aktuelle koronavaksiner, og som blir kontinuerleg oppdatert av FHI finn du her.

Under kan du sjå ein film om korleis vaksinene blir godkjent for bruk.

Eigenerklæringsskjema og sjekkliste

Før du takkar ja til vaksine-innkallinga ber vi deg gå gjennom alle spørsmåla i eigenerklæringsskjemaet du har fått. Ta med deg dette skjemaet til vaksinasjonsstaden, det vil bli brukt til å dokumentere vaksinasjonen din. Om du ikkje har det med, får du likevel vaksinert deg. 

Eigenerklæringsskjemaet finn du på FHIs nettsider her

FHI har også utarbeidd ei sjekkliste som du gjerne kan lese dersom

  • du har auka blødningstendens
  • du har alvorleg allergi
  • du er i risikogruppe og er gravid
  • du brukar betablokkarar

Sjekkliste finn du på FHIs nettsider her

Når startar koronavaksineringa i Surnadal?

Vi starta vaksinering av risikogrupper første veka av januar 2021. Sannsynlegvis vil kommunen motta fleire leveransar med eit begrensa antal vaksinedoser for puljevis vaksinering før det kan bli aktuelt med større massevaksinering. Det er fleire potensielle vaksiner under utvikling og vi håpar på større forsendingar framover. Ein kan ikkje sjølv velge mellom vaksiner. 

Kommunen vil følge Folkehelseinstituttet sin plan for handtering og distribusjon av vaksiner mot covid-19. Her er FHI sine prognoser for vaksineringstempoet i Norge.

 

Vaksinekalender - haust 2021

Vaksineringsstatus for Surnadal

VaksinekalenderVeke for veke vaksinekalender

Kvar veke vil vi publisere status om koronavaksineringa, antal doser vi har motteke og kva for risikogruppe som blir vaksinert den aktuelle veka. Dette kjem i tillegg til SMS-innkalling og informasjon i lokalpressa.

Antal vaksinerte med minst 1 dose etter veke 37 (inkludert helsepersonell): 

Totalt antal vaksinerte: 4643  

Status for vaksinasjonsgrupper: 

Gruppe 1. Bebuarar i sjukeheim - fullvaksinert

Gruppe 2. Alder 85 år og eldre - fullvaksinert

Gruppe 3. Alder 75-84 år - fullvaksinert

Gruppe 4. Alder 65-74 år og 18 og 64 år med høg risiko - fullvaksinert

Gruppe 5. Alder 55-64 år med under.l sjukdom - fullvaksinert

Gruppe 6. Alder 45-54 år med underl. sjukdom - fullvaksinert

Gruppe 7. Alder 18-44 år med underl. sjukdom - fullvaksinert

Gruppe 8. Alder 55-64 år  - fullvaksinert

Gruppe 9. Alder 45-54 år -  fullvaksinert

Gruppe 10. Alder 18-24 år og 40-44 år - fullvaksinert

Gruppe 11. Alder 25-39 år - fullvaksinert

Gruppe 12. Alder 16-17 år - vaksinert 9 september (dose 2 den 5. november)

Gruppe 13. Alder 12 - 15 år - vaksinerast 23. september

Lokalt vaksineringsscenario

Kart over inngangar på Kulturhuset

Vaksinekalender I SMS-innkallinga får du oppgjeve kva inngang du skal bruke når du kjem til vaksinering. Klikk på lenkene under for å sjå kor inngang A, B og C er plassert.

Inngang A (PDF, 2 MB)

​​​​​​​Inngang B (PDF, 2 MB)

​​​​​​​Inngang C (PDF, 2 MB)​​​​​​​

Veke 31 - fredag 6. august

VaksinekalenderMålgruppe for vaksinering: Gruppe 10 (18 - 24 år og 40 - 44 år)

Vaksinetype: mRNA-vaksinen frå BioNTech/Pfizer (Comirnaty)

Doseintervall: 12 veker

Tid/Stad: Fredag 6. august på Surnadal kulturhus.

Oppmøte: Maks 15 minutt før avtalt time

NB! Hugs å ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema. Skjemaet kan du laste ned her. Treng du papirversjon, kan skjemaet hentast under trappa i Surnadal kulturhus ved hylla til meirope bibliotek. 

Ha på munnbind og bruk ermer som er lette å brette opp.

Gi tilbakemelding på SMS-innkalling så raskt som muleg via c19.no

Ta kontakt med Vaksinetelefonen 913 79 001 dersom du har spørsmål.

Veke 32 - fredag 13. august

VaksinekalenderMålgruppe for vaksinering: Gruppe 10 (18 - 24 år og 40 - 44 år) Oppstart gruppe 11 (25 - 39 år)

Vaksinetype: mRNA-vaksinen frå BioNTech/Pfizer (Comirnaty)

Doseintervall: 12 veker

Tid/Stad: Fredag 13. august på Surnadal kulturhus.

Oppmøte: Maks 15 minutt før avtalt time

NB! Hugs å ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema. Skjemaet kan du laste ned her. Treng du papirversjon, kan skjemaet hentast under trappa i Surnadal kulturhus ved hylla til meirope bibliotek. 

Ha på munnbind og bruk ermer som er lette å brette opp.

Gi tilbakemelding på SMS-innkalling så raskt som muleg via c19.no

Ta kontakt med Vaksinetelefonen 913 79 001 dersom du har spørsmål.

Veke 33 - fredag 20. august

VaksinekalenderMålgruppe for vaksinering: Gruppe 11 (25 - 39 år)

Vaksinetype: mRNA-vaksinen frå BioNTech/Pfizer (Comirnaty)

Doseintervall: 12 veker

Tid/Stad: Fredag 20. august på Surnadal kulturhus.

Oppmøte: Maks 15 minutt før avtalt time

NB! Hugs å ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema. Skjemaet kan du laste ned her. Treng du papirversjon, kan skjemaet hentast under trappa i Surnadal kulturhus ved hylla til meirope bibliotek. 

Ha på munnbind og bruk ermer som er lette å brette opp.

Gi tilbakemelding på SMS-innkalling så raskt som muleg via c19.no

Ta kontakt med Vaksinetelefonen 913 79 001 dersom du har spørsmål.

Veke 34 - vaksinering både tys., tors og fre

VaksinekalenderMassevaksinering med dose 2 i tre dagar:

900 personar i Surnadal kommune vil få dose 2 med mRNA-vaksinen Spikevax frå Moderna. Dette kjem i tillegg til 300 dosar frå Pfizer. Etter planen vil i alt 1200 personar bli vaksinerte i løpet av tysdag, torsdag og fredag denne veka.

Ein kan ikkje sjølv velje mellom mRNA-vaksinene. Det vil ligge informasjonsark om kva vaksinetype som er reservert for deg på stolen din når du kjem til vaksinasjonslokalet.

FHI Informasjonsark: Moderna-vaksinen

Onsdag 25. august: Informasjon og oppstart vaksinasjonsinnkalling til 16-17 åringar i kommunen. Desse får kun tilbod om Pfizer-vaksinen.

Veke 35 - fredag 3. september

VaksinekalenderMassevaksinering (400) dose 2 med mRNA-vaksine 

Stad: 3. september på Surnadal kulturhus.

Informasjonsark om kva for mRNA-vaksine du får ligg på stolen din når du kjem til vaksinasjonslokalet.

FHI Informasjonsark på nett: Moderna-vaksinen

Møt presis og maks 15 minutt før time og ha på munnbind.

Veke 36 - torsdag 9. september: 16 og 17 åringane

VaksinekalenderMålgruppe 9. september: Kun 16 og 17 åringar 

Vaksinetype: 1 dose av Pfizer-vaksinen (Comirnaty) 

Les meir om FHI sitt tilbod om koronavaksiasjon av 16 og 17 åringar.

 

Veke 36 - fredag 10. september

VaksinekalenderMassevaksineringsdag i Surnadal kulturhus

Vi vaksinerer med mRNA-vaksinene frå Moderna og Pfizer.

Det ligg informasjonsark på setet ditt om kva vaksinetype du får.

Hugs eigenerklæringsskjema og ha på munnbind. Møt presist til timen du har fått.

Veke 37 - fredag 17. september

VaksinekalenderMassevaksinering i Surnadal kulturhus

Etter denne dagen er aldersgruppa 25 - 39 år fullvaksinerte.

Vaksinetype: Vi vaksinerar med mRNA-vaksinene frå Moderna (Spikevax) og Pfizer (Cominrnaty).

Det ligg informasjonsark på setet ditt om kva vaksinetype du får.

Hugs eigenerklæringsskjema og ha på munnbind. Møt presist til timen du har fått. 

Veke 38 - torsdag 23. september: Gruppe 12 - 15 år

VaksinekalenderMålgruppe for vaksinasjon: Barn 12 - 15 år (årskull i 2006, 2007, 2008 og alle frå årskull 2009 så snart dei har fylt 12 år)

Regjeringen har beslutta å følge Folkehelseinstituttet si anbefaling om å tilby koronavaksine til ungdom i alderen 12 – 15 år.

Her kan du lese kva FHI svarar på spørsmål om vaksinering av barn 12 - 15 år

Dette krev samtykke frå båe føresette ved felles foreldreansvar. Elevar og føresette har fått følgande informasjon via skulen:

FHI: Koronavaksine for ungdom (PDF, 132 kB)

FHI: Samtykkeskjema (PDF, 48 kB) - signerast og leverast tilbake til skulen

FHI: Eigenerklæringsskjema (PDF, 871 kB) - fyllast ut og leverast tilbake til skulen

FHI: Informasjon om vaksinetypen Comirnaty frå Pfizer (PDF, 62 kB)

Vaksineringa vil foregå 23. september på Surnadal kulturhus. Skulen informerer meir om detaljane.

 

Veke 38 - fredag 24. september - siste dag med massevaksinering!

VaksinekalenderMålgruppe: Siste dag med massevaksinering dose 2 og utsett dose 1

På Surnadal kulturhus. Møt presist. Ha på munnbind og hugs eigenerklæringsskjema.

Dersom du framleis ikkje har benytta deg av tilbod om dose 1 og ombestemmer deg, kan du så raskt som muleg sende epost til vaksine@surnadal.kommune.no Du vil da få dose 2 den 15. oktober.

 

 

Kontaktinformasjon

Vaksinetelefon Surnadal
Opningstider i september
Mobil 913 79 001
  • Tysdag og torsdag: kl. 10.00 – 11.30
  • Fedag: kl. 09.00 – 15.00

epost: vaksine@surnadal.kommune.no

 

Gunn Inger Bredesen
Einingsleiar Helse og familie
E-post
Mobil 481 22 549