Kulturplan for Surnadal 2021 - 2025 (Under utarbeiding)

Bilde av tre unge som hopper, teksten Med kultur for kultur ligger i bildet - Klikk for stort bilde 

Høyringsdokument i .pdf format (PDF, 5 MB)

Om kulturplanen

Gjeldande kulturplan (2017 – 2020) vart vedteke av Surnadal kommunestyre 09.11.17, den omhandlar seks temaområde: Barn og unge, Kulturskolen, Frivillig satsing, Bibliotek, Kino og kulturhus, Museum. I kommunal planstrategi vedteke av kommunestyret 14.05.2020 er det lagt opp til ein lettare revisjon av planen i 2021.


I formannskapssak 10/21 står det mellom anna:

«Planen må reviderast med omsyn til kva som er gjennomført i siste planperiode. Vidare vil det vere viktig å revidere planen med omsyn til nye ønske og behov».

Behandling i Formannskapet – 26.01.2021 
Formannskapet sitt vedtak:

  • Surnadal kommune startar arbeidet med å revidere gjeldande Kulturplan.
  • Det blir nedsett ei politisk/administrativ arbeidsgruppe med ein politikar frå formannskapet og to medlemmar frå administrasjonen; kommunalsjef Karin Halle, einingsleiar kultur Lilli Husby
  • Politisk leiar i arbeidsgruppa: Ordførar Margrethe Svinvik.

Det er gjort eit par endringar i den nye planen (2021 – 2025). Det eine er vurdering av planområdet opp mot FN sine berekraftsmål, sjå eige kapittel. I tillegg blir planen lagt ut heildigital, så den kan fungere som oppslag for innbyggarane både med tanke på sjølve planinnhaldet, men og koplingar mot andre planområde og med lenkjer til aktuelle tilskotsordningar lokalt/regionalt og nasjonalt. Dette for at planen skal fungere like bra eksternt som internt..

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2021- 2025, har fleire grunnpilarar som kulturplanen byggjar vidare på:

  • Motverke utanforskap og konsekvensar av sosiale ulikheiter, og fremme tilhørigheit og samfunnsdeltaking
  • Eit mangfaldig friluftsliv, kultur- og idrettstilbod og ei vital frivilligheit
  • Skape gode møteplassar

I tillegg har samfunnsdelen eit framtidsscenario som seier at i 2032 så har vi i Surnadal:

  • innbyggarar som har moglegheit til å lære, utvikle seg og til å skape eit trygt og meiningsfullt liv
  • dreidd ressursinnsatsen mot helsefremjande og førebyggande arbeid

Mål for kulturområdet i Surnadal 2021 - 2025:

«Saman skal vi skape eit raust samfunn prega av mangfald, toleranse, livskraft og skaparkraft for den enkelte og kvarandre – der kulturlivet er ei drivkraft som fremmer folkehelse  og motverkar utanforskap.»

 

 

Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft — Kulturpolitikk for framtida:
«Samfunnsmål: 
Eit levande demokrati der alle er frie til å ytre seg, og der mangfald, skaparkraft og kreativitet er høgt verdsett. Eit inkluderande samfunn der kunst og kultur av ypparste kvalitet inspirerer, samlar og lærer oss om oss sjølv og omverda.

Overordna kulturpolitiske mål:

  • Eit fritt og uavhengig kulturliv som skaper kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet
  • fremjar danning og kritisk refleksjon
  • tek vare på og formidlar kulturarv
  • skaper og formidlar eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer befolkninga
  • er tilgjengeleg for alle og oppmuntrar den enkelte til å oppleve og delta i kulturaktivitetar
  • tilbyr møteplassar og byggjer fellesskap
  • fornyar seg og viser evne til omstilling
  • har internasjonal gjennomslagskraft og fremjar interkulturell forståing
  • styrkjer norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar»

Desse ideane har forma visjonen til kultureininga i Surnadal:

"MED KULTUR FOR KULTUR"

 

Surnadalsdialekten

Surnadalsdialekten er eit immaterielt kulturminne, og eitt av dei mest særmerkte og verdifulle kulturminna vi har. Det er fleire grunnar til dette. Mellom anna har dialekten fleire restar etter norrønt språk enn dei fleste andre norske dialektar. Enno har vi for eksempel restar etter den gamle kasusen dativ. Dialekten har også  mange spesielle språklydar, som gjer at mange utanfrå oppfattar talespråket vårt som særeige og eksotisk. Eitt eksempel er vokalen som verken er «a» eller «æ», men som vi brukar når vi uttalar orda «graut» og «smør».

Talemålet er viktig for personleg identitet. Det er eit uttrykk for kven vi er, kven vi ønskjer å vera og gjer oss til del av eit lokalt språkfellesskap.

Dialekten er i seg sjølv eit kulturuttrykk, men er også med på å forme, bevare og utvikle lokal kulturhistorie generelt.

Surnadalsdialekten har ein grammatisk struktur og ein måte å uttrykkje seg på som ligg nært opp mot nynorsk skriftspråk. Surnadal er i dag den nordlegaste nynorskkommunen i landet. Som for talemålet er skriftspråket viktig for både identitet og kulturhistorie.

Både talemål og skriftspråk er viktige reiskapar når vi skal gjera tankane våre høyrt. At vi kjenner tryggheit i eige språk er viktig for at vi skal tore å uttrykke oss i samfunnet- og dermed for eit levande demokrati på alle plan.

Å dyrke og verne om språket derfor av mange årsaker viktig.