Delmål 3; God helse og livskvalitet
Er eit mål vi ofte forbind med kulturområdet. Dette går direkte på det vi kallar folkehelse og som ofte blir knytt til friluftsliv og mosjon, men folkehelse er òg sosiale møteplassar, samhandling og muligheit til å utøve sine interesser. Områda som fell inn under delmål 3, er: Barn og unge, kulturskolen, kunst og kulturformidling (kino og kulturhus), bibliotek, museum, kulturarv, frivillig verksemnd og arena for idrett og kultur,
Delmål 4; God utdanning
God utdanning er òg eit viktig sosialt mål, eit godt kulturgrunnlag er med på å styrke identitetsbygginga til den enkelte, noko som er viktig på områda barn og unge, kulturarv, bibliotek, museum og frivillig verksemnd. Heit direkte er det viktig å ha ein kulturskole med gode og allsidige tilbod.
Det er òg viktig å peike på at det er mogleg å ta kurs og utdanning innan tradisjonshandverk, spesielt her på Normøre kan ein bli lærling eller næming på Husasnotra i Heim kommune. Når det gjeld ulike type handverksopplæring for barn og unge og vaksne så er Surnadal husflidslag ein god tradisjonsberar
Delmål 11; Berekraftige byar og lokalsamfunn
Dette berekraftsmålet skal gjere byar og tettstader inkluderande, trygge, robuste og berekraftige. På eit vis handlar dette om alt vi gjer i lokalsamfunnet - om vi kallar det kultur eller om vi kallar det sosialt fellesskap. Vi skal ta hensyn til kvarandre, og vi skal passe på at ingen fell utom samfunnet. Dette dreier seg om alt frå vogge til grav, om samhandling og arenaer for å utøve våre sosiale liv.
Delmål 10; Mindre ulikskap
Dette er enda eit mål som heng saman med dei andre måla vi ser på i samband med kulturplanen. Sjølv om dette kan sjåast på som eit mål i den "økonomiske dimensjonen" så handlar det om å utlikne ulikheiter på eit sosialt nivå. Ei god hjelp til å få til dette er å ha gode målsettingar i kulturplanen.
Delmål 14 og 15; Livet i havet og livet på land
Dette er viktige område når ein tenker på utbygging av idrettsanlegg, leikeområde, nærmiljøanlegg, kulturbygg og ande kulturarenaer. Men vi må òg ta hensyn til desse måla når det gjeld store idretts- og kulturarrangement, til dømes med tanke på søppelhandtering, slitasje av natur etc.
Delmål 17; Samarbeid for å nå måla
Samarbeid er viktig for å nå måla. Den kommunale kulturpolitikken er ein del av den nasjonale kulturpolitikken i samarbeid med fylke og stat. Nettverksdeltaking i dei forskjellige bransjane innanfor kulturområdet er òg viktig.