Kapittel 4: Bibliotek

Klikk for stort bilde 

"Bibliotekloven forplikter alle kommuner å ha et folkebibliotek, og opplæringsloven forplikter alle grunnskoler å ha et skolebibliotek" (Kulturdep., 1985 og Kunnskapsdep, 1998).

Lov om folkebibliotek beskriv målsettinga for bibliotekdrift, og ordlyden vart endra med verknad frå 01.01.2014:

"Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet. Bibliotekenes innhold og tjenester skal gjøres kjent. Folkebibliotekene er ledd i et nasjonalt biblioteksystem". 

Gratisprinsippet vart vidareført i den nye lova, og skal sikre gode bibliotektenester og gi  gratis tilgang til å låne bøker og andre medier til alle som bor i landet Dette gjeld òg personar  utan fast oppholdstillatelse,  

Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2024:

Regjeringa skrive bl.a. i strategien at «det er et mål at «bibliotekene skal nå nye brukere med litteratur og lesing, legge til rette for kunnskapsformidling og at bibliotekenes digitale samlinger skal økes. Den vil gjennom strategiske grep bidra til at bibliotekene og bibliotekarene skal nå frem til flere, også de som ikke selv oppsøker biblioteklokalet».

I "Kommuneplan for Surnadal 2020-2032", samfunnsdelen, finn vi bl.a. desse punkta over korleis vi vil ha det i 2032:

  • Vi har innbyggarar som har mulegheit til å lære og utvikle seg, og til å skape eit trygt og meiningsfullt liv
  • Vi har gode møteplassar
  • Vi har område der frivillige lag og organisasjonar får utvikle seg

Mål for Surnadal folkebibliotek:

Å vera eit bibliotek med god tilgang på fysisk og digitalt materiale, og ein inspirerande møteplass for alle,

og med aktivitetar og arrangement som engasjerer vaksne, barn og unge.

Strategiar

  • Auka satsing på digitalt materiale
  • Vi vil ha eit auka samarbeid med andre bibliotek og med frivillige lag og organisasjonar
  • Biblioteket vil utvide den digitale samlinga si med e-bøker og e-lydbøker
  • Aktiv bruk av heimeside og sosiale media for å profilere biblioteket 
  • Biblioteket tilbyr lån av lokala til organisasjoner og andre som vil bruke lokalene til formidling, debatt og anna utadretta verksemnd
  • Biblioteket vil samarbeide med frivillige lag og organisasjonar om arrangement 
  • Samarbeide med de andre biblioteka på Nordmøre om arrangement og bibliotekutvikling

 

Status

Surnadal folkebibliotek består i dag av biblioteket på Skei. Biblioteket er det mest besøkte og brukte kulturtilbodet i kommunen. Utlån og besøk ved biblioteket har følgt utviklinga i resten av landet, over 21 % av utlånet er andre media enn bøker.

Tal henta frå Nasjonalbiblioteket sine nettsider
Tal henta frå Nasjonalbiblioteket sine nettsider
Aktivitet Surnadal 2017 Landsbasis 2017 Møre og Romsdal
Registrerte utlån 22 817
Registrerte besøk 17 049
Utlån per vaksen 1,9
Utlån per barn 8,3
Gjennomsnitt utlån per innbyggar 3,9 4,7 3,1

Dei bibliotekstilsette har fokus på formidling i det daglige arbeidet gjennom formidlingssamtalar, lesestunder, utstillingar, synliggjering av aktuelle bøker i bokstøtter i hyllene, boktipsblogg og innlegg på eigafacebook-side.

Biblioteket driv i tillegg formidlingsarbeid ved å gjennomføre ulike typar arrangement; slik som foredrag, forfattarbesøk og debattar. Biblioteket etterstreber å imøtekomme ønske om arrangementssamarbeid når lokale lag og foreningar tar initiativ til dette.

Som følgje av gratisprinsippet blir det kjøpt inn mykje litteratur både i papirform og andre medier. Biblioteket har òg materiale på ulike språk og låner inn frå «Det Flerspråklige bibliotek». Biblioteket er ein del av eit nasjonalt samarbeid slik at materiale som ikkje finnst lokalt kan lånast inn frå andre bibliotek.

For å oppfylle kravet om aktualitet gjer biblioteket målretta innkjøp ut frå lokale ønske og behov. Det blir valt litteratur ut fra lokale låneønske, litteratur av lokal betydning, bøker og andre medier eigna for innvandrarar og andre grupper med spesielle behov og medier knytt til arrangement, kinovisningar og anna som skjer i lokalsamfunnet.

Mulegheiter og utfordringar

Bokbudsjettet er halvert sidan 2015, og det er ikkje budsjettert med midlar til kompetanseheving, arrangement og anna drift. Dette gjer det utfordrande å møte krava i den nye lova. Det er òg vanskeleg å få fokus på tilbod for å fremje nynorsk som målform.

Ei av samfunnsoppgåvene til biblioteket er å vere ein møteplass for folk i alle aldrar. Dette medfører at vi må legge fysisk til rette i tråd med krav til universell utforming. I vår digitale kvardag blir det stadig viktigare at biblioteket har attraktive digitale tilbod. Dette omfattar både utlån og søketenester. 

 

Handlingsplan for planperioden 2021 - 2025

Kulturplan 2021 - 2025, tiltak biblioteket
Tiltak
Fullføre arbeidet med nytt biblioteksystem og heimeside
Fortsette med Shared Reading grupper
Fortsette med Sommarles
Introdusere Shared Reading-metodikken til skuleelevar
Delta i Litteraturhusordninga
Nettverksamarbeid med andre bibliotek i regionen/fylket
Tilpasse biblioteklokale til meir fleksible formål

Rapport på tiltak frå handlingsplan for planperioden 2017 - 2020

Rapport tiltak biblioteket 2017 - 2020
Rapport tiltak biblioteket 2017 - 2020
Tiltak Kva har skjedd i perioden
Investere i «Meirope bibliotek», for å auka opningstid. Meirope bibliotek vart opna i desember 2019.
Profilere og synleggjere biblioteket, gjennom å legge til rette for arrangement som Den internasjonale bokdagen, ulike temautstillingar, litteraturutstillingar, forfattarbesøk, brukarorienteringar og andre treff og arrangement i bibliotekets lokale og samarbeide med lokalt kulturliv og frivillige lag og organisasjonar om tiltak og arrangement. Dei bibliotektilsette har fokus på formidling i det daglige arbeidet gjennom formidlingssamtalar, lesestunder, arrangementa «Shared reading», utstillingar, synleggjering av aktuelle bøker i bokstøtter i hyllene, boktipsblogg og innlegg på eiga «facebookside». Biblioteket drive i tillegg formidlingsarbeid ved å gjennomføre ulike typar arrangement, slik som foredrag, forfattarbesøk og anna som er aktuelt. Biblioteket er positive til samarbeid om arrangement når lokale lag og foreiningar tar initiativ til dette. Legg til rette for ulike arrangement som, temautstillingar, litteraturutstillingar, forfattarbesøk, brukarorienteringar og andre treff i lokala til biblioteket. Samarbeider med lokalt kulturliv og frivillige lag og organisasjonar om tiltak og arrangement. Biblioteket har bl.a. hatt lesestund på laurdagar i regi av Sanitetskvinnene 2019 og 2020.
Med fokus på barnehage, skule, helsestasjon, innflyttarar, flyktningar og andre aktuelle grupper. Flyktningar/framandspråklege innflyttarar: Biblioteket har materiale på ulike språk og i tillegg låner vi inn materiale og depotkassar på aktuelle språk frå «Det Flerspråklige bibliotek» på Nasjonalbibliotekets avdeling i Mo i Rana. Tar imot besøk av grupper utenom opningstid/etter avtale frå Vaksenopplæringa. Hjelper til med data/utskrift/utfylling av skjema. Skole, barnehage: Tar imot besøk av grupper utenom opningstid/etter avtale. Ordner bokkassar/temakassar når skolane og barnehagane bestiller det. Biblioteket er med på leselystkampanjen «Sommerles» kvar sommar. «Sommerles» er beregna for barn på barnetrinnet. «Sommarles» har vore ein gedigen suksess og motiverer 1/3 av alle surnadalsbarn til å lese gjennom sommaren. Det blir sett på som veldig viktig at barn og unge skal vedlikehalde leseferdighatene gjennom sommaren, og det er til stor nytte for skolane. Biblioteket har lesestunder etter avtale med skole- og barnehagebarn.
Biblioteket som uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt Folkebiblioteka skal vere ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. Biblioteket fikk gjennom den reviderte lova ein ny rolle som arena for offentlig samtale og debatt, og dette blir følgt opp ved å vere tilretteleggar for gjennomføring av debattar i lokalsamfunnet. Alle som ønsker det, har etter avtale fri tilgang til å benytte lokala våre innanfor og utenom opningstid Biblioteket var med på eit prosjekt sammen med Tingvoll, Sunndal, Kristiansund og Gjemnes kommunar i 2016/2017, hvor alle i 2017 streama ein lokal debatt slik at folk kunne følgje den heimefrå. Lesesalen vår blir lånt ut til frivillige lag og organisasjonar og møteverksemd gratis.