Kapittel 6: Museum og kulturminne

Klikk for stort bilde 

Kulturminne og kulturmiljø representerer samfunnets felles verdiar. Dei er unike og uerstattelege kjelder til kunnskap og opplevingar, og er miljø- og samfunnsressursar som kan gi grunnlag for lokal utvikling og kulturell, sosial og økonomisk verdiskaping.

Oversikt over internasjonale konvensjoner og nasjonale ansvarsområde for Kulturminnefeltet:

"Klima- og miljødepartementet har ansvaret for strategi- og politikkutvikling innenfor hele kulturminnefeltet. Departementets kulturminneavdeling har ansvar for å følge opp internasjonale konvensjoner for kulturminneområdet som Norge enten har ratifisert eller godkjent:

Kulturminneavdeling har etatsstyringsansvar for Riksantikvaren og skal ivareta departementets kontakt mot den regionale kulturminneforvaltningen, samt oppfølging og utvikling av Norsk kulturminnefond, hvor rentene av fondskapitalen tildeles fondet gjennom eget tildelingsbrev fra Klima- og miljødepartementet. Midlene brukes til tildeling av prosjektmidler og drift av fondet".

Surnadal kommune har ei eiga kulturmiljøplan. Det er Klima- og miljøverndepartementet i lag med Riksantikvaren som gjennom satsinga Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga oppmoda kommunane til å utarbeide lokale kulturminneplanar. Målsettinga er å auke kunnskapen og merksemda om kulturminne, og at planane skal vere verktøy i forvalting av kulturminne lokalt. Lenke til kulturmiljøplanen. Kulturmiljøplanen fungerer som eit hjelpemiddel for saksbehandlarar, men og for å formidle kunnskap om kulturmiljø, kulturminne og landskapsvern i Surnadal.

Når vi i kulturplanen har eit kapittel om museum og kulturminne er det mellom anna for å styrke samarbeidet med Nordmøre museum. I tillegg er det viktig å få fram det store frivillige arbeidet som blir lagt ned på dette området; av både historielag, husflidslag, mållag, bondekvinnelag og enkeltpersonar, dei er alle viktige bidragsytarar.

Vi har både materielle og immaterielle kulturminne:

  • Materielle kulturminne: Alle handfaste kulturminne, som bygningar og gjenstandar. 
  • Immaterielle kulturminne: Kulturytringar som lever vidare i skriftleg form eller gjennom muntleg overføring, dette kan vere stadnamn, dialekt, historier og segner, handverkstradisjonar, song og dans.

Musea i det nasjonale nettverket sitt samfunnsoppdrag er å drive forvaltning, forsking, formidling og fornying (St.m.: Framtidas museum).

Frå kommuneplanen har vi henta følgjande strategi om kulturvern: 

"Synleggjere og spreie kunnskap om kulturarven, og sørgje for nettbasert formidling og informasjon om vår digitaliserte kulturarv, slik at fleire får kunnskap om og kjennskap til verdien av å ta vare på den".

Mål for kulturminnevern og museum i Surnadal

Forvalte og formidle kunst og lokalhistorie etter fagleg kunnskap og faglege  prinsipp, og vere ein god tilretteleggjar for, og inspirasjonskjelde til, aktivt lokalt kulturminnevern

 

Strategi

  • Stimulere til aktivt historie- og dokumentasjonsarbeid i heile kommunen.
  • Sikre bevaring og bruk av museumsanlegga.
  • Auke aktiviteten i Kallastuå.

Status

Nordmøre museum er eit regionsmuseum, som har driftsavtale med alle Nordmørskommunane.

Nordmøre museum avdeling Surnadal driftar dei tre kommunalt eigde museumsanlegga:

  • Åsen bygdemuseum
  • Svinviks arboret
  • diktarheimen Kleiva

Svinviks arboret er eit unikt museumsanlegg i regionen og er difor utpeikt som fokusområdet for drift og utvikling i driftsavtalen mellom Nordmøre museum og Surnadal kommune.

Surnadal kommune arva òg Kunstgalleriet Kallastuå og kunstsamlinga etter Kalla Skrøvseth, som blir drifta av Stiftinga Kalla Skrøvseth kunstsamlings fond. Bøfjorden historielag eig og driv Bøfjorden sjøbruksmuseum og kyrkjebåten Hjelmkånnå med tilhøyrande naust.

Mulegheiter og utfordringar

Kulturarven er ein felles verdi som òg må sjåast i ein regional og nasjonal samanheng. Norge er forplikta etter internasjonale avtalar til å ivareta kulturarven vår.

Det er viktig å synleggjere kulturminna som ein god identitetsbyggar, både for unge og eldre. Mange av kulturminneområda er eigna til friluftsliv og turstiar kan merkast med skilting av kultur og naturverdiar i området.

Det er store vedlikehaldsetterslep på museumsanlegga våre. Manglande vedlikehald fører til tap av kulturhistoriske verdiar. Kyrkjene og kyrkjegardane er eksempel på kulturbygg og kulturminne med store vedlikehaldsmessige utfordringar.

Vi er avhengig av stor frivillig innsats på museum og kulturarvområdet. Arbeidet med bygdabøker er eit godt eksempel på prosjekt som krev både menneskelege og økonomiske ressursar, og som er heilt avhengig av frivillig innsats for å lykkast. 

Handlingsplan for planperioden 2021 - 2025

Kulturplan 2021 - -2025, tiltak museum og kulturvern
Tiltak
Vidareføre arbeidet på bygdebokprosjektet
Etablere ei museumsnemnd som er tettare på samarbeidet mellom Nordmøre museum og kommunen ut frå signala som kom i museumsmelding 23, Musea i samfunnet: tillit, ting og tid.
Skule/barnehagetilbod med fokus på lokale kulturminne, fordi det vil gjere elevane meir medvetne på historia, endra livstilhøve og klimaendringar med bruk av lokale eksempel. Dette bør kunne ivaretakast mellom anna ved tilbod i den lokale kultursekken.
Ferdigstille Kavlvegen kultursti
Arbeide vidare med tilrettelegging, forvaltning og utvikling av Kavlvegen kultursti som arena for kulturminne, friluftsliv, næringsutvikling og nyskapande kultur.
Arrangere den årlege Kulturminnedagen i samarbeid mellom kommune, frivillige og museum
Støtte opp om arbeid og prosjekt i samband med den Trondhjemske Postvei
Tilrettelegging og utvikling av stisystem i Svinviks arboret
Utvikle områdeplan for kulturmiljøområdet i Svinvika i samband med realiseringa av Todalsfjordprosjektet.
Sikre drift av Kallastua
Starte opp registrering av kunstsamling i Kallastua i NKDB
Arbeide for aktive historielag i heile kommunen, stimulere til etablering av nye lag i hovuddalføret og Bøverfjorden
Det er behov for eit nytt lokalhistorisk verk i kommunen, men før ei meir grundig bygdahistorie kan skrivast, er det viktig å sikre seg mest muleg materiale for ettertida gjennom dokumentasjon av munnlege kjelder og anna materiale som med åra lett kan gå tapt.
Etablere vedlikehaldsplan for museumsanlegga

Rapport på tiltak frå handlingsplan for planperioden 2017 - 2020

Rapport frå 2017 - 2020 på tiltak museum og kulturvern
Tiltak Kva har skjedd i perioden
Arbeide med å lage ei eiga kulturminneplan Surnadal kommune si første kulturmiljøplan vart vedteke i kommunestyret 10.12.2020
Arbeide med å få til ein aktiv bygdeboknettstad Dette er eit arbeid vi ikkje har komme i mål med, på grunn av manglande ressursar
Stimulere til aktivt historie- og dokumentasjons-arbeid i heile kommunen Bygdebokprosjektet er eit av «produkta» til dette målet, bok nr. 4 i ein serie på 10 vart utgjeve i 2020. Det har gjennom heile planperioden blitt gitt støtte til lokalhistoriske skrifter
Aktivt arbeid i Namnenemnda, for å sikre gode lokalshistoriske stadnamn òg på nye utviklingsprosjekt Namnenemnda er ei nemnd som blir kalla inn når det er behov, ved ny adressering og nye prosjekt. Det store adresseringsarbeidet er utført og det er mindre møte i denne nemnda no enn før
Vi skal sette fokus på Surnadalsøra som ein kulturell myldreplass med fokus på kulturhistorie, kunstnarar og kreative næringar Ørafondet vart oppretta først i planperioden for å stimulere til istandsetting av bygg i tråd med reguleringsplana for Surnadalsøra og for å stimulere til utviklingstiltak. Aktivitet i Surnadal billag genererer positive ringverknader i området og i kommunen, det same gjer verksemda i det gamle samvirkelaget, bedehuset og Trudvang. Øradagane er eit godt «Ørafokus-prosjekt». I 2021 vil Surnadal billag og Surnadalsøra vere sentrum for ein internasjonal kunstfestival.
Sikre bevaring og bruk av museumsanlegga Driftsavtale med Nordmøre museum. Tiltak i planperioden: Ny scene og restaurering av hovudhus Kleiva. Aktivitet ved Kavlveg på Eidet, knytt til Åsen bygdemuseum. Bevaring og skjøtsel av hagen Svinviks arboret. Etablering av back-up samling for nasjonale genbankar i frukthagen i Svinviks arboret.
Etablere vedlikehaldsplan for museumsanlegga Vi har sikringsplan og tilstandsrapport, men mangler vedlikehaldsplan
Tilrettelegging og utvikling av stisystem i Svinviks arboret Sklisikring av trappetrinn og nokre enkeltpunkt er utbetra, resten blir utsett til etter Kavlvegprosjektet er ferdigstilt. Tiltaket bør vidareførast. .
Etablering av kultursti i tilknyting til Åsen, kavlveg Under oppbygging, som eit eige prosjekt i samarbeid med Nordmøre museum, Møre og Romsdal fylke, Miljødirektoratet og Riksantikvaren m.fl.
Skule/barnehagetilbod med fokus på lokale kulturminne, fordi vi vil gjere elevane meir medvetne på historia, endra livstilhøve og klimaendringar med bruk av lokale eksempel. Gjennomført i museumsregi, og kavlveg, barnehage, grunnskole og ungdomstrinn og vidaregåande
Auke aktiviteten i Kallastuå Nytt styre - Temporære utstillingar - Oppussing av lokalet - Endring av faste utstillingar
Samarbeid og samvirke mellom Svinviks arboret, Norsk Myrmuseum (Smøla) og Phillipshagen (Sunndal), gjennom driftsavtalen med Nordmøre museum Inngått samarbeid med Sunndal bygdemuseum Leikvin og Phillipshagen om kartlegging og rådgiving, knytt til fruktsamling og rododendronsamling.
Korte artiklar for skule, lokalhistorie og reiseliv kan t.d. leggast ut på kommunen si heimeside. På kulturnett, digitalt fortalt Vi har løyst dette gjennom den digitale kulturmiljøplanen, den vil vidareutviklast over tid. Nordmøre museum har i planperioden teke i bruk appen Kulturpunkt for digital formidling, tilbodet er under utvikling til nye målgrupper.
Arbeide for aktive historielag i hovuddalføret og Bøverfjorden Dette har vi ikkje greidd å gjere noko med. Surnadalsøra Vel fungerer som eit historielag for øra, men framleis manglar vi eit historielag i dei nemnde områda. Dette er eit punkt som bør vidareførast i neste plan
Arbeide for å få på plass eit aktivt samarbeid med frivillige Vi har mykje godt samarbeid med frivilligheita innanfor dette området også, slik som: Bygdebok, Kavlvegprosjektet, hagelaget og enkeltpersonar, Indre Nordmøre forsvarsforening og krigsminneregistrering
Det er og eit behov for eit nytt lokalhistorisk verk i kommunen, men før ei meir grundig bygdahistorie kan skrivast, er det viktig å sikre seg mest muleg materiale for ettertida gjennom dokumentasjon av munnlege kjelder og anna materiale som med åra lett kan gå tapt Vi har fått til eit samarbeid for å ta vare på filmar som dokumenterer livet i Surnadal (Saksen). - Bygdebokarbeidet har òg ei vinkling med å ta vare på nyare historie som har kome etter Hyldbakk. - Hyldbakkarkivet blir arbeidd med gjennom museet, dei fleste bilda er no ferdigdigitalisert. Det neste som skal takast tak i, er «papir-arkivet»