Surnadal kommune har rike tradisjonar innafor kulturlivet. I 2012 vart Surnadal "årets Kulturkommune" i Møre og Romsdal, året etter var vi for andre gong på under 10 år "årets Ungdomskommune" i fylket. Det er ikkje kommunen som er kulturen i Surnadal. Kommunen legg til rette for at det skal vere eit aktivt kulturliv, der mottoet til kultureininga er «Med kultur for kultur». Det er dei frivillige og dei profesjonelle som set Surnadal på kulturkartet.
Kleivaprisen har vorte delt ut sidan 1998. I statuttane til prisen står det mellom anna: ”Forutan tildeling av midlar etter søknad, kan styret på eige initiativ gje stønad eller påskjønning til einskildpersonar som har gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis”.
Meir om kleivaprisvinnarane gjennom tidene, finn du her.
Kulturlivet femnar om mange aktivitetar og uttrykksformer. Surnadal kommune har naturlege føresetnader for å bli ein leiande kommune innan friluftsliv og aktivitetar i tilknyting til det. Idrettslivet er mangfaldig med mange kommunale og ikkjekommunale anlegg som er drive av offentlege og private aktørar.
Vi har ridehall, 9-hols golfbane, freesbeegolfbane, kunstgrasbanar og andre fotballbanar, alpinanlegg, skyttaranlegg, friidrettsanlegg, idrettshall, skianlegg, skileik, fjellgarden Vaulen som ligg i eit nasjonalt sikra friluftsområde, Kalkstranda og fleire andre badeplassar, padleområde osv.
Frivillige lag har lagt ned eit stort arbeid på å digitalisere kyrkjebøker, kartlegge dialekten, sette i stand bygningar, registrere krigsminne m.m. Dette arbeidet for å ta vare på kulturarven er og gjort kjent gjennom historieskrift, bøker og utstillingar.
Surnadal folkebibliotek har ein viktig rolle i samfunnet som møteplass, formidlar, tilretteleggar av forskjellige aktivitetar og vertskap mellom anna for nye innbyggarar. Dette er ei lovpålagt, gratis teneste for innbyggarane som blir flittig bruka året rundt.
Oppvekstsentra i kommunen er viktige aktørar i arbeidet med å formidle kulturelle ytringsformer for våre unge. Dei får sjølv i mange samanhengar høve til å delta i dramatiseringar, kor- og musikkframføringar, som t.d. «10. -klasseprosjektet» og «Give Me 5». Oppvekstsektoren er òg ein viktig aktør i formidlinga av lokalhistoria og kulturarven vår.
Kyrkja er ein viktig bidragsytar til kulturlivet i kommunen. Kyrkjebygningane er lokalhistorisk viktige. I lokal litteratur har kyrkja ein brei plass, og kyrkjebøkene er gullgruver når det gjeld m.a. lokal historie og slektsgransking.
Kort oppsummert kan vi seie at kulturlivet har hatt ei rivande utvikling når det gjeld bygg og anlegg. Idretten, song, musikk og teaterlivet er sikra gode arenaer for aktivitet. Kulturvernarbeidet blir teke godt hand om; Surnadal kommune vedtok i desember 2020, "Kulturmiljøplan for Surnadal 2021 - 2025". Med gode, naturlege føresetnader for eit rikhaldig friluftsliv, skulle mykje ligge til rette for at kommunen også framover skal kunne halde høg kulturell profil.
Du vil finne meir statusinformasjon i dei kapittla som omhandlar planen sine temaområde