Om planstruktur og plansamanheng

Bildesamling av forsamlingshus i Surnadal - Klikk for stort bildeHus til kultur i Surnadal   

Skisse av planstrukturen i kommunen - Klikk for stort bilde I det kommunale plansystemet er kulturplanen ein temaplan, illustrasjonen til venstre her er henta frå rettleiaren til miljøverndepartementet: Kommunal planstrategi. Vi finn kommuneplanen sin samfunnsdel som overordna plan og vi ser at temaplanene skal levere tiltak inn i økonomiplanene kvart år. 
Det er difor viktig å sjå kva som ligg i "Samfunnsdelen (PDF, 3 MB)" for å finne retninga på det ein ser på innanfor vårt temaområde, som er kultur. 
Vidare må vi ta omsyn til FN sine 17 berekraftsmål. Vurderingane som er gjort på det området finn de i kapittelet som vi har kalla: Berekraftsmåla og kulturplanen. 
Når det gjeld den nasjonale kulturpolitikken, så bør kommunen sjå litt på dei nasjonale og regionale satsingsområda. Vi har sett på Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft — Kulturpolitikk for framtida. 
Vi har òg sett på planer og strategiar på fylkesnivå. I skrivande stund (april 2021) er ikkje den regionale planstategien for kultur ferdig behandla, men dokumentet er utsendt som eit utkast til m.a. kulturleiarane i kommunane så det har vore muleg å sjå på retninga i dokumentet og vi har henta nokre sitater derfrå. I tillegg har vi dokumentet Sjekkliste for ung kunst og kultur i Møre og Romsdal. Denne har vi med som eit vedlegg til planen.

Folkehelse

Folkehelseprofil (PDF, 2 MB) for Surnadal. Vi har stor grad av muskel og skjelettplager, og 9-åringane våre er ei utsett gruppe som har redusert fysisk aktivitet.

Anbefaling frå FHI:

Kommunen kan legge til rette for mer fysisk aktivitet: Bare tre av ti voksne oppfyller anbefalingene om fysisk aktivitet. Blant barn er situasjonen bedre, men aktiviteten synker raskt med alderen. Det finnes en rekke virkemidler for å stimulere befolkningen til å bevege seg mer i hverdagen.

Desse signala tek vi med oss vidare i planen og under "Kapittel 3: Frivilligheita" har vi ei rekkje tiltak som går på å tilrettelegge for mosjon og fysisk aktivitet, det same finn vi og i "Kapittel 1: Barn og unge". Vi finn meir om mosjon og fysisk aktivitet i "Plan for Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2018 - 2021"

Om kulturområdet henta frå samfunnsdelen

Frivilligheit, idrett og kultur er viktige pilarar i Surnadalssamfunnet. Vi er i dag ein av dei kommunane i landet med flest registrerte i frivillige lag og organisasjonar per innbyggjar. Dette er takka vere stor innsats frå mange frivillige i heile kommunen. Vi har heile 93 lag og foreiningar registrert i Frivilligheitsregisteret. Vi har mange flotte anlegg og hus i heile kommunen, både i kommunal og privat regi. 

Idrett og kultur er viktige arenaer for integrering av tilflyttarar, same kvar dei kjem i frå, og alle er avhengige av å ha noko å leve for i tillegg til noko å leve av. Slik sett er det avgjerande for trivselen i Surnadal kommune at vi har eit høgt nivå av frivilligheit, som skapar desse møteplassane og den kjensla av tilhøyrsle som frivilligheit gjev.

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2021- 2025, har fleire målsettingar som kulturplanen tek opp i seg:

  • Motverke utanforskap og konsekvensar av sosiale ulikheiter, og fremme tilhørigheit og samfunnsdeltaking
  • Eit mangfaldig friluftsliv, kultur- og idrettstilbod og ei vital frivilligheit
  • Skape gode møteplassar
  • Vi har innbyggarar som har moglegheit til å lære, utvikle seg og til å skape eit trygt og meiningsfullt liv
  • Vi har dreidd ressursinnsatsen mot helsefremjande og førebyggande arbeid
  • Vi har ei aktiv frivilligheit som deltek i samskaping av tenester.  
  • Vi har offentlege bygg, anlegg og uteområde som er universelt utforma.
  • Vi har ei god samordning av bustad-, areal- og transportplanlegginga.
  • Vi er landets beste kommune på medlemskap i frivillige lag og organisasjonar per innbyggjar.
  • Vi har område der frivillige lag og organisasjonar får utvikle seg. Både inne og ute med hus og anlegg.
  • Vi har eit kommunalt fond for utvikling av hus og anlegg til frivilligheita.

Strategiar – korleis kjem vi dit

  • Surnadal kommune har mange gode arenaer for idrettsaktivitet som må vedlikehaldast og driftast på ein god måte. Arbeidet med å legge til rette for friluftslivet må halde fram. Andre ulike kunstformer og kulturvern vil det fortsatt vere viktig å støtte opp om. Barn og unge sine mulegheiter til idrett, kultur og medbestemmelse er viktig verdiar.
  • Surnadal Kommune skal legge til rette areal for utvikling av idretts- og kulturanlegg. Frivillige lag og organisasjonar som tek kontakt med kommunen skal oppleve at det er lett og raskt å få svar på både spørsmål og søknadar. Kulturmidlane skal reviderast for å skape mest mogleg aktivitet i Surnadal kommune. Det skal lagast eit skriv med nyttig informasjon, kontaktpersonar og moglegheiter for å skaffe midlar som går ut til nye frivillige lag og organisasjonar.
  • Med tverrfagleg organisering jobbar vi systematisk mot barnefattigdom og utanforskap, og vi styrker og samordnar det førebyggande arbeidet i heile kommunen.

Om kulturvern frå samfunnsdelen

I «Regional delplan for kulturminner og kulturmiljø av nasjonal og regional verdi» er kulturminne av slik verdi i Surnadal kommune lista opp. Kulturminne, kulturmiljø og kulturarv skal vektleggast i arealplanlegginga. Tilrettelegging og forvaltning av kulturarven er viktig for identitetsbygging, kultur, næringsutvikling og reiseliv. Eit viktig kunnskapsgrunnlag er regional delplan for kulturminne og den lokale kulturmiljøplanen. 

Om rekreasjon og friluftsliv frå samfunnsdelen

For tema rekreasjon og friluftsliv bør kommunen ha som mål å sikre at tilretteleggingstiltak spelar på lag med naturen og ikkje imot. Kommunen skal legge til rette for eit friluftsliv som fremmar folkehelsa. Turstiar, turvegar, friluftsområde, badeplassar med meir skal tilretteleggast, gjerne i samarbeid med idrettslag, velforeiningar og andre.