Korleis søke om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel med vidare ?
Søknadsskjema for tilskot til avløysing ved sjukdom m.v.
Tilskotet skal bidra til å finansiere avløysing på gardar med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon når brukaren som følge av sjukdom eller anna ikkje kan delta i arbeidet på garden.
Ordninga skal også bidra til å finansiere avløysing på gardar med planteproduksjon eller honningproduksjon når brukaren som følge av sjukdom eller anna ikkje kan delta i arbeidet på garden i onnetida (15.04 – 01.10).
Søkar kan få tilskot ved:
1. Sjukdom
2. Svangerskap/fødsel
3. Adopsjon av barn under 15 år
4. Følge av sjukt barn til behandling
5. Dødsfall
NB! Avløysar må være fylt 15 år og ikkje vere ektefelle/sambuar.
Søknadsfristen er eit år etter siste dag i perioden du søkjer tilskot for.
Du må ha hatt næringsinntekt frå garden på minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda (1/2 G), som pr. 2018 er kr. 48.442 i året.
Dersom begge ektefellane har arbeid på bruket er det svært viktig at det blir ført minst ein halv G inntekt på kvar. På den måten får begge rett til sjukepengar.
Tilskot til avløsning ved ferie/fritid
Tilskotet skal legge til rette for at husdyrbrukarar skal kunne få ferie, ordna fritid og hjelp til avlastning i onnetider gjennom å bidra til finansiering av innleie av arbeidskraft. NB! Avløysar må være fylt 15 år!
Tilskotet, som er ei refusjonsordning, blir rekna ut på grunnlag av satsar pr dyr etter dyretal ved søknad om produksjonstilskot.
Du kan søke om tilskot til avløysing til ferie og fritid som ein del av søknaden om produksjonstilskot i oktober.
Rekneark for å rekne ut kor mykje du kan få i maksimalt tilskot til avløysing ved ferie og fritid, legg som lenke til høgre på sida her.
Meir informasjon:
Ordningane blir regulert i «Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket» og «Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.»
Satsane på tilskota kjem fram i Jordbruksavtalen som du finn på Landbruksdepartementets sider om jordbruksoppgjeret..