Produksjonstilskot

Jordbruksføretak kan søkje om produksjons- og avløysartilskot om dei driv vanleg jordbruksproduksjon med husdyr- og/eller planteproduksjon på ein eller fleire eigedomar. Føretaket  må òg vera registrert i einingsregisteret (må ha organisasjonsnummer) og må vera knytt opp i mot ein landbrukseigedom. 

Søknadsfristar

Del 1 (berre husdyr): 15. mars (med teljedato 1. mars)

Del 2: 15. oktober (med teljedato 1. oktober). 

Utbetaling

Tilskota vil bli utbetalt samla i februar  året etter at du har søkt. 

Elektronisk søknad 

Søknaden må du levere elektronisk.

 

Jordbruksavtalen

Dei ulike tilskotsordningane er omtalt i jordbruksavtalen og i søkeveiledningen hos landbrukdirektoratet. Alle reglar som omhandlar kor mykje tilskot kvar enkelt søkar er berettiga, som tilskotssatsar, soner, reglar for fastsetting av driftssenter og definisjon av husdyrslag og vekstgrupper, framgår av jordbruksavtalen. Her er og fastsett  kva tilskot du søkjer ved kvar søknadsomgang, samt registreringspunkt og søknadsfrist.

Gjeldande jordbruksavtale med satsar etc.: Jordbruksavtale 2022-2023.

Meir om jordbruksavtalen finn du på Landbruksdepartementets sider om jordbruksoppgjeret og på landbruk24.no/jordbruksavtalen

Produksjonstilskot omfattar tilskotsordningane:

Meir informasjon:

Ordningane blir regulert i Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket

Her er kommentarar til forskrift om produksjonstilskot og avløysartilkskot i landbruket​​​​​

Generell informasjon om produksjonstilskot hos landbruksdirektoratet.

 

Kontaktinformasjon

Elin Moen Lysø
Rådgjevar landbruk
E-post
Mobil 95 25 93 60

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00