Næringsfond

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Surnadal kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder, stadsutvikling og ulike typar utviklingsarbeid.

Søknadsfristar

Det er lagt opp til 3 søknadsfristar pr. år.

  • 15.mars, søknadar blir politisk behandla i mai
     
  • 15.august, søknadar blir politisk behandla i oktober
     
  • 15.november, søknadar blir politisk behandla i januar.

 

Kva må du ta omsyn til i søknaden

Ut over dette har Surnadal kommunestyre i møte den 13.02.2014 vedtatt lokale retningsliner og lokale vurderingskriterie som skal leggast til grunn ved vurdering av søknadar til fondet. 

 

Kva blir IKKJE dekt

Fondsmidlane kan ikkje nyttast til å dekkje løpande drift av kommunen, bortsett frå renter og avdrag på investeringar som er gjort i tråd med fondets føremål.

Det kan heller ikkje gis støtte til verksemder for å dekkje avdrag og renter på lån eller løpande drift.

Det bør heller ikkje gis støtte til verksemd som mottek betydelege overføringar over statsbudsjettet.

Fondet blir årleg tilført midlar gjennom innbetaling av konsesjonsavgift frå dei store kraftprodusentane i kommunen.
Fondet følgjer regjeringas nasjonale standardvedtekter for kraftfond. Her gjeld følgjande: 

”Kraftfondet skal fortrinnsvis anvendes til næringsformål, som for eksempel bedriftsstøtte, tilrettelegging for næringsutvikling i regi av kommunen, stadsutvikling, ulike typer utviklingsarbeid med mer. Fondet kan også benyttes til kommunale investeringer i varige driftsmidler.

Kontaktinformasjon

Harald Bredesen
Næringskonsulent
E-post
Mobil 913 78 178
Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL