Køyrebevis for vinteren 2021 / 2022

Frå vinteren 2021 / 2022 skal den som har løyve til bruk av snøskuter skrive ut køyrebevis direkte frå Surnadal kommune si heimeside. 

Løyve til bruk av snøskuter for transport av bagasje og utstyr til hytte blir i dei fleste tilfelle gitt for fleire vintersesongar om gongen. Utførte turar har vore ført på eit køyrebevis som ein har returnert til kommunen etter kvar vinter, og kommunen har sendt ut nytt køyrebevis før neste vinter. Vi går no bort frå denne ordninga, og i staden må den som har løyve laste ned og skrive ut køyrebevis for vintersesongen frå kommunen si heimeside. Utfylt køyrebevis skal heller ikkje returnerast til kommunen etter endt sesong. Turane ein køyrer skal førast på køyrebeviset ein finn på heimesida, men skal først og framst være ein dokumentasjon ovanfor oppsynsmyndigheitene. Mangelfullt utfylt køyrebevis er brot på retningslinene og kan medføre straffeforfølging.

Det er viktig å presisere at i tillegg til køyrebeviset for inneverande vintersesong skal den som utfører transporten ved køyring også ha med seg sjølve løyvet som kommunen har innvilga. Dette er eit eige dokument i namnet til den som har fått løyvet med tittel Løyve til motorferdsel i utmark. Namnet til løyvehavaren skal skrivast inn på køyrebeviset. I tillegg kan to andre personar førast på køyrebeviset og bruke løyvet. Desse må også har med sjølve løyvet til motorferdsel i utmark under transporten.

Denne ordninga for køyrebevis vil også gjelde for dei som har løyve til transport av funksjonshemma person til hytte, og dei som har løyve til transport av ved til hytte eller annan stad.

Viss du ikkje har høve til å skrive ut køyrebevis kan dette hentast i servicetorget på kommunehuset.

Køyrebevis for vintersesongen 2021 / 2022 finn du her. (PDF, 637 kB)

Kontaktinformasjon

Bodil Gjeldnes
Miljøvernkonsulent
E-post
Mobil 901 77 053