Transport av funksjonshemma person

Etter søknad kan det gis løyve til bruk av snøskuter for transport av funksjonshemma person til privat hytte. Her finn du nærare opplysningar om ordninga og søknadsskjema. 

Det er §5b i nasjonal forskrift som opnar for dette transportføremålet. Verd å merke seg om ordninga:

  • Kan berre gis ved varig funksjonshemming. Personar som er bevegelseshemma på grunn av alder eller midlertidig sjukdom kjem ikkje inn under denne regelen.
  • Legeerklæring skal leggast ved kvar gong det blir søkt. Skjema for legeerklæring  (PDF, 2 MB)
  • Det skal søkast i den funksjonshemma personen sitt namn og han eller ho blir også innehavar av løyvet. Inntil 2 andre personar kan vera ledsagar på snøskuteren.
  • Jfr. Surnadal kommune sine retningsliner for motorferdsel i utmark blir det gitt ubegrenset tur-retur til hytte pr. vintersesong med snøskuter til dette føremålet. I tillegg er det mogleg å søkja om å få lov å køyra til venner på hytter i nærområdet.

Søknadsskjema og annan nyttig informasjon finn du her