Vil du søke sjølv?

Før du sett i gang bør du bestemme deg for kor omfattande byggeprosjektet ditt skal vere. Har du eit mindre byggeprosjekt kan du ofte både bygge og søke sjølv, medan større byggeprosjekt krev at du må bruke fagpersonar i heile søknads- og byggeprosessen.

Klikk på bildet under for å starte ein liten film om kva du må gjere.

Du finn alt du treng av informasjon hos Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) sin vegvisar Åtte steg frå idé til ferdig søknad. 

 

Steg i ein byggesøknad - Klikk for stort bilde DiBK

 DiBK si framstilling av dei åtte stega i søknadsprosessen.