Grytå 2 - NYTT BOLIGFELT!

NYE BOLIGTOMTER I SURNADAL KOMMUNE

Surnadal kommune klargjer 10 nye sentrumsnære boligtomter for sal. Tomtene ligg i Gammelgrytå og har fin utsikt over nedre Surnadal.
Klikk for stort bilde

Tomtene er plassert ved Grytvegen i eit etablert boligfelt og har gode utsikts- og solforhold. Tomtestørrelsen er frå 750-1050 m2.

Tomtebefaring
Kommunen arrangerer tomtebefaring i området fredag 3. mai kl 1000-1200. Til stades på befaringa vil det vere folk frå teknisk drift, plan og byggesak.
Oppmøtestad er ved innkjøringa til feltet, Grytvegen 14.

Dersom du er interessert i tomt:
Send inn ønske om tomt, maks 3 stk, i prioritert rekkjefølge til post@surnadal.kommune.no innan fredag 10. mai kl 1200.  Merk eposten «tomtetildeling Grytå 2». Privatpersonar blir prioritert ved tildeling. Tomtetildeling vil skje mandag 13. mai. Dersom det er fleire interessentar på same tomta vil det blir gjennomført trekking.

For meir info:
Ta kontakt med Håvard Stensønes på telefon 979 78 216 eller epost hs@surnadal.kommune.no


Tomteoversikt:

Klikk for stort bilde

Klikk for stort bilde

Kontaktinformasjon

Håvard Stensønes
Einingsleiar Areal og naturforvaltning
E-post
Mobil 979 78 216