Kulturmiljøplan - under utarbeiding

Kulturmiljøplan for Surnadal 2021 - 2025

Plan om vedtak i Surnadal kommunestyre 10.12.2020

Surnadal kommune har til nå ikkje hatt eigen kulturminneplan eller kulturmiljøplan som vi har valt å kalle den. Planprosessen har  vært eit nybrottsarbeid der deler av administrasjonen med innleid hjelp og Nordmøre museum har bidrege.

«Det er en forventning fra Regjeringen at kommunene registrerer og verdisetter kulturminner og kulturmiljøer som har lokal verdi og innarbeider disse i planer etter plan- og bygningsloven».

Riksantikvaren november 2013: «Veileder - Kulturminner i kommunen – Kulturminneplan».

 

Nasjonalt mål 1

Alle skal ha mulighet til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.

Målet vektlegger menneskers rett til å ha en kulturarv og at kulturmiljø er et felles gode som det er et felles ansvar å forvalte. Målet understreker også at alle skal ha mulighet til å engasjere seg. Statens ansvar er å legge best mulig til rette for dette.

Nasjonalt mål 2

Kulturmiljø skal bidra til bærekraftig utvikling gjennom helhetlig samfunnsplanlegging.

Målet viser samfunns- og arealplanleggingens betydning for å ivareta et mangfold av kulturmiljø og hvordan disse kan bidra til miljømessig, sosial og økonomisk bærekraft. Målet understreker samtidig Norges ansvar for og regjeringens ambisjoner om å følge opp FNs bærekraftsmål og Agenda 2030.

Nasjonalt mål 3

Et mangfold av kulturmiljø skal tas vare på som grunnlag for kunnskap, opplevelse og bruk.

Målet understreker at et mangfold av kulturminner, kulturmiljøer og landskap skal tas vare på som ressurser og grunnlag for kunnskap, opplevelse og bruk. Målet viderefører essensen i det tidligere strategiske målet for kulturminnepolitikken som ble lagt fram i St.meld. nr. 16 (2004–2005) Leve med kulturminner.mangfold av kulturmiljø skal tas vare på som grunnlag for kunnskap, opplevelse og bruk

Dei nasjonale måla er henta frå St.meld nr. 16, 2019-2020

 

Det er Klima- og miljøverndepartementet i lag med Riksantikvaren som gjennom satsinga Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga oppmoda kommunane til å utarbeide lokale kulturminneplanar.

 

Målsettinga er å auke kunnskapen og merksemda om kulturminne, og at planane skal vere verktøy i forvalting av kulturminne lokalt.

 

Surnadal kommune fekk i 2012 tilskot frå Riksantikvaren (RA) til å registrere kulturminne, som eit underlag for ein kulturminneplan. Vi tilsette da ein arkeolog Janne Carina Strand i ei prosjektstilling til dette arbeidet. Ho har etter at registreringa vart utført, laga eit grunnlagsdokument som er blitt bruka til å utarbeide denne planen.

 

Ut over dette nyttar kommunen eigne planleggingsmidlar og ressursar.

 

Da vi starta opp med arbeidet for å få på plass ei kulturminneplan i Surnadal kommune, første gang  var det veilederen til Riksantikvaren vi brukte som arbeidsgrunnlag. I 2020 kom det ei ny stortingsmelding som påverkar dette arbeidet. Dette har ført til at arbeidsgruppa foreslår å kalle kulturminneplana for:

«Kulturmiljøplan for Surnadal 2021 – 2025».

Om planarbeidet - mandat og organisering

Kulturminneplanen inngår i kommunen sin planstrategi og vil vere ein viktig premissleverandør for arbeidet med kommuneplan og andre planverk. Planprossessen her i Surnadal har vore lang og kronglete. Det var vedteke i formannskapet 27.10.2015 at ein skulle starte opp arbeidet, og at arbeidsgruppa på tre personar frå administrasjonen skulle pekast ut av rådmannen (kommunaldirektøren). Arbeidsgruppa har det siste året hatt med seg ein representat frå Nordmøre museum som rådgivar på fagområdet. Temaplanen "Kulturmiljøplan for Surnadal 2021 - 2025" blir i 2020 lagt ut som ei heildigital plan.

Arbeidsgruppa har arbeidd fram sjølve "plandokumentet", i vårt tilfelle blir plandokumentet denne digitale løysinga. Arbeidsgruppa har bestått av Råg Ranes (Surnadal kommune plansjef), Ragna Kvendset (Surnadal kommune, areal og naturforvaltning) og Lilli Husby( Surnadal kommune, kultur). Maja Frønes (Nordmøre Museum), har fungert som referanseperson og veileder for gruppa med tanke på faglege kulturminnespørsmål.

Planen i seg sjølv gir ikkje grunnlag for vern, men peikar på behovet for dette gjennom framlegg til omsynssoner for eit utval kulturminne av lokal verdi.

Surnadal kommune har ei lang og innhaldsrik forhistorie som strekk seg heilt attende til steinalderen. Sidan da har det vore kontinuerleg menneskeleg aktivitet i området noko som gjev kommunen mange og varierande kulturminne og ein rik kulturarv.

Har du forslag til kultuminne som bør vere med i planen? Send inn forslag her:

Felt merket med * må fylles ut

 

neste kapitel