Kapittel 6: Status og mulegheiter

Utgraving av kavlveg på Eidet i 2019 Lilli Husby  

Status og mulegheiter

Kapitelinndeling

  1. Formidling
  2. Skilting
  3. Kulturstiar
  4. Museum
  5. Barn og ungdom
  6. Involvering, formidling og lokal innsats
  7. Næringsliv og turisme, formidling og verdiskaping

Formidling

Kulturminne er viktige konstante faktorar som skapar kjensle av å høyre til på heimstaden. Det særpreget og den eigenarten som kulturminna gjev eit lokalsamfunn er og med på å skape attraksjonskraft for besøkande og kan nyttast som ein ressurs i utviklinga. For at kulturminna skal ha ein reell verdi i denne samanhengen må ein gjennom formidling og tilrettelegging gjere dei kjende og tilgjengelege. Dette må gjerast på ein berekraftig måte som ikkje skadar eller forringar kulturminna.

Kulturminna kan gjerast fysisk meir tilgjengelig blant anna gjennom skilting, bedra tilkomst, vegetasjonsskjøtsel og rydding. Ein anna måte å gjera kulturminna lettare tilgjengeleg for folk flest er ved hjelp av digital formidling.

Appen Kulturminnesøk

- viser veg til kulturminna og gjev i tillegg tilgang på informasjon i form av tekst, bilete, kart, lyd og video. Her kan det og ligge lenkar til andre relevante nettstader. Appen verkar som GPS noko som gjer det enkelt å finna fram til minne sjølv om stiar og skilt manglar. Kommunen, historielag eller andre kan såleis lage kulturminneløyper, tematiske eller geografiske, med utvalde, eigna kulturminne, og slik skilje ut eit utval frå den store mengda postar i databasen.

Appen har tre hovudfunksjonar:

  • I nærleiken viser kulturminne i nærleiken på kart eller som liste
  • Vis meg viser kulturminne i omgjevingane ved hjelp av utvida virkelighet
  • Utforsk er ein funksjon kor ein kan filtrere blant alle kulturminna.
  • Du kan og laste opp bilde og legge inn kommentarar på kulturminne til Kulturminnesøk direkte frå appen.

 

Skilting

Skilting av kulturminne er i røynda eit omfattande prosjekt. Kvaliteten på tilrettelegginga, på skilt og på skjøtsel, er med på å auke respekten for kulturminna. Auka respekt er med å skape auka forståing for kulturminna si rolle i planprosessar og utbygging. Det motsette er tilfelle når kvalitet og vedlikehald sviktar. Difor bør ein tenkje langsiktig når ein skal tilretteleggje og skilte. Kor ofte må skilta skiftast, kor ofte må skilta vaskast og vedlikehaldast, kor ofte må det ryddast vegetasjon? Kven skal utføre arbeidet, og kven skal betale? Dette er spørsmål som bør avklarast på førehand og helst i bindande avtalar. Automatisk freda kulturminne må alltid skiltast i samråd med Kulturseksjonen ved Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kulturstiar

Reiseliv og turisme handlar mykje om å lokke til seg folk, få folk til å bruke tid på staden, og såleis å legge att pengar. Sjølv om tilrettelagde kulturminne ofte kan vere gratis, er desse og med på å lokke og å halde på besøkande. Kulturstien som gjerne er meir omfattande enn eit einskild kulturminne eller kulturmiljø, kan vere ein attraksjonar som får turistane til å gje seg tid på staden. Døme på eksisterande kulturstiar i Surnadal er: Stikk-Ut tur til Kleiva, Stikk-Ut tur Svinviksrunden og Kavlvegen kultursti på Eidet. Alle disse turane er knytt til dei tre museumsanlegga i Surnadal.

Museum

Musea har ein viktig rolle når det kjem til bevaring, dokumentasjon og formidling av lause kulturminne. Man finn gjenstandar frå Surnadal kommune i ein rekkje regionale og nasjonale museumssamlingar, og i tillegg har ein fleire lokale museumsanlegg som er viktige formidlarar for gjenstandar knytt til kommunen sin forhistorie.

Lause fornminne og andre automatisk freda kulturminne ligg i hovudsak hos Vitenskapsmuseet ved NTNU i Trondheim, men dei fleste lause kulturminne av nyare dato ligg i dei lokale samlingane. Dei fleste av musea i kommunen kan og reknast som kulturminnelokalitetar i seg sjølv, og fleire av dei er registrert på Kulturminnesøk.

Nordmøre museum avdeling Surnadal 

Består av dei tre anlegga Åsen bygdemuseum, Diktarheimen Kleiva og Svinviks arboretet. I tillegg har man Bøfjorden sjøbruksmuseum.

Åsen bygdemuseum

Ligg fint til på den gamle skyssgarden Åsen på Eidet i Surnadal. Bygdemuseet er eit tradisjonelt friluftsmuseum med bygningar frå ulike tidsepokar, og utstillingar av gjenstandssamlingar inne i dei ulike husa. Den freda røykjestua frå Torvika, Gulla-rommet, Musters-samlinga og 1950-talsutstillinga er noko av det du kan få sjå ved eit besøk på Åsen. Museet er ope ved annonserte arrangement eller etter avtale.

Diktarheimen Kleiva

Ligg høgt og fritt ovanfor Skei. Frå tunet har ein vidt utsyn over breibygda i nedre Surnadal, akkurat slik bygdadiktaren Hans Hyldbakk ville ha det når han skulle byggje seg eigen heim her i si tid. Dei to stuene kan besøkast i sommarhalvåret gjennom å bestille ei omvising ved museet, men ønskjer du berre å ta turen og nyte utsikta kan du gjere dette når som helst. Vegen opp til Kleiva er merka frå Surnadal kulturhus, ein kort og relativt lett fottur som passar for dei fleste.

Svinviks arboret

Er museumshagen framfor nokon her på Nordmøre. Halvor og Anne Svinvik bygde opp denne eksotiske naturhagen i berghamrane ned mot Todalsfjorden frå 1940-talet og utover. Her har det sidan bugna av asiatiske rododendronar, bambus, spesielle lauvtre og bartre frå heile verda. Her kan du frå mai- august vandre rundt i hagen på eiga hand, delta på arrangement, eller få omvising og høyre historia til staden og plantene. Eit besøk verdt er også sommarkafeen i Svinviks arboret. Her finst det blidaste vertskapet og dei beste blomsterpynta og heimlaga kakene du finn her på traktene på sommaren. Arboretet er ope frå onsdag til søndag, mai til august.

Bøfjorden sjøbruksmuseum

Gjev eit innblikk i nordmørsk sjøkultur. Det inneheld ei samling av båtar og skipsutstyr, fiskeutstyr og båtbyggjarutstyr, med hovudvekt på tida frå 1850 til 1930. Sjøbruksmuseet har jamlege arrangement. Bøfjorden historielag har tema-arrangement kvar sundag om sommaren. Museet samarbeider med Nordmøre museum.

Barn og ungdom

Nordmøre museum avdeling Surnadal har samarbeid med frivillige og skular og barnhagar.

«Rydd et kulturminne» er ein landsdekkende aksjon retta mot barn og ungdom under 18 år som arrangerast av stiftelsen Norsk Kulturarv. Den blei arrangert for fyrste gong i 2000. I aksjonen kombineres praktisk arbeid med det å læra om kulturarven som finnes i nærmiljøet. Aksjonen oppfordrar dei yngre til å finne fram til eit gløymt kulturminne i nærmiljøet og delta i bevaring og formidling av dette. Slik håper Norsk Kulturarv å skape interesse for å lære å kjenne kulturarven og formidle verdien i det å ta vare på slike minner til dagens barn og unge.

 

Involvering, formidling og lokal innsats

Eigarane av kulturminne er ein viktig ressurs i bruk og bevaring av kulturminna. Av alle dei viktige enkeltfaktorane i samband med bevaring av bygningar er eigarane den viktigaste. Så lenge eigar vil ta vare på kulturminna, vert dei bevart. Mange eigarar er glade i og stolte av kulturminna sine, og dei brukar mykje tid og ressursar på å ta vare på dei på ein god måte.

Ein anna viktig ressurs er at grendalag, historielag og andre lokale aktørar aktivt deltek i det praktiske arbeidet. Ein ide kan vera å la frivillige, einskildpersonar, lag og organisasjonar (t.d. turlaget), skular, og liknande «adoptera» eit kulturminne i kommunen og ta ansvar for det praktiske skjøtselsarbeidet. Ansvaret kan bestå av tilsyn, rydding og pynting.

Næringsliv og turisme, formidling og verdiskaping

Brei verdiskaping basert på kultur- og naturarv er eit samspel mellom ulike former for verdiskaping, samspelet gjev ein forsterkande effekt for dei einskilde faktorane, og er eit viktig steg mot berekraftig utvikling.

Miljømessig verdiskaping 

Styrke kvalitetane og verdiane knytt til kulturminne, kulturlandskap og natur. Verdiane vert skjøtta, holdt i hevd og sikra gjennom heilskapleg planlegging og forvaltning, istandsetting, tilrettelegging, skjøtsel, attbruk og god ressursforvaltning.

Kulturell verdiskaping 

Auke kunnskap og medvit om lokal kultur- og naturarv, særpreg, tradisjonar, historieforteljing og symbol som grunnlag for utvikling og formidling av identitet og byrgskap knytt til staden.

Sosial verdiskaping 

Utvikling av felles forståing, engasjement, tillit og tilhøyrsle som fylgjer av samarbeid, samhandling, dugnad, friviljug innsats, felleskap og nettverk.

Økonomisk verdiskaping

Auka lønnsemd gjennom produksjon og sal av varer og tenester, og gjennom auka sysselsetjing for lokalsamfunnet.