Vedlegg: Nyttig informasjon for eigarar av kulturminne

 

 

Kapitelinnhald:

  1. Eigarar av kulturminne
  2. Økonomiske verkemiddel og tilskotsordningar

EIGARAR AV KULTURMINNE

Eigarar av kulturminne er den avgjerande faktoren om ein skal lukkast med vern av kulturminna. Ein del kulturminne er ressurskrevjande å ta vare på. I mange høve er det ikkje mangel på medvit om føremålet med kulturvern som er avgjerande, men tilgangen på ressursar for å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane. Det viktigaste for eigarane er å få avklaring av vernestatus, få kunnskap om korleis ein kan ta vare på kulturminne t.d. eit freda hus og kvar ein kan få tilskot til vedlikehald etc.

Råd om istandsetting av eldre hus

Arkeologiske undersøkingar

Bruk av metalldetektor

Bygningsvern 

 

Dekking av utgifter til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak:

 

Hovudregelen i kulturminnelova er at offentlege og større, private tiltakshavarar må betale for nødvendige arkeologiske registreringar eller utgravingar. Når det gjeld mindre, private tiltak, dekkjer staten heilt eller delvis utgiftene. Du kan lese meir om mindre, private tiltak i rundskriv T2-07 på regjeringa sine nettsider.

Kven kan få støtte? Private tiltakshavarar for arkeologiske undersøkingar. 

Korleis kan du få støtte? Du skal ikkje sende søknad om tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak. Når ein søkjer om tillatelse til inngrep i automatisk freda kulturminne, vurderer fylkeskommunen og Sametinget om søknaden gjeld eit mindre, privat tiltak. Riksantikvaren tek den endelege avgjerda og betaler ut tilskotet til den institusjonen som gjennomfører dei arkeologiske undersøkingane. Dersom tiltaket blir vurdert til å vere eit mindre, privat tiltak, dekkjer staten helt eller delvis utgiftene til dei arkeologiske undersøkingane. Søknad om tillatelse til inngrep i automatisk freda kulturminne sendes til fylkeskommunen.

 

 

ØKONOMISKE VERKEMIDDEL OG TILSKOTSORDNINGAR

Eigarar av bygningar med historisk verdi har i høve eigedomsskatteloven § 7b høve til å søke fritak for eigedomsskatt.

  • Norsk Kulturarv og Stiftelsen UNI mfl. har tilskotsordningar for bevaring av kulturminne og -miljø.
  • Ørafondet
    Surnadal kommune har verna Surnadalsøra som område, for å hjelpe eigarane med å ta vare på det særeigne ved husa har kommunen oppretta Ørafondet.

STATLEGE TILSKOTSORDNINGAR TIL KULTURMINNETILTAK

Freding vil i seg sjølv gje avgrensa vern for det enkelte kulturminnet. Det aller viktigaste er at kulturminnet og området rundt vert vedlikehalde. Økonomiske verkemiddel kan bidra til å gjera det enklare og meir motiverande for eigaren å ta vare på kulturminnet.

Det har vist seg at den beste måten å ta vare på verneverdige bygg, er å ta dei i bruk. Det er ofte til og med billegare å restaurere det gamle enn å byggje nytt, og det er også godt miljøvern. Verneverdige kulturminne i bruk formidlar kulturhistorie på heilt særeige vis, og kan danne grunnlag for styrka reiseliv og anna næringsverksemd.

Her er Kulturminnefondet si oversikt over statlige tilskotsordningar til kulturminnetiltak. Legg merke til at dei ulike ordningane har forskjellige satsingsområder:

SMIL- spesielle miljøtiltak i jordbruket:

Midlane fordelast av Landbruksdirektoratet, og satsingsområde avheng av kommunanes  prioriteringar og tiltaksstrategi.

NMSK – nærings- og miljøtiltak i skogbruket:

Midlane  fordelast av Landbruksdirektoratet, og satsingsområde avheng av kommunanes prioriteringar og tiltaksstrategi.  

RMP – regionale miljøtilskot i landbruket:

Midlane  fordelast av Landbruksdirektoratet, og satsingsområde avheng av fylkesmannen sine prioriteringar.

Tilskot til freda kulturminne i privat eige :

Denne ordninga er i hovudsak retta mot private eigarar og forvaltarar av freda kulturminner og kulturmiljø. I særlege tilfelle kan Riksantikvaren og regionalforvaltninga foreta eigne satsningar med forankring i nasjonale strategiske satsninger. På bakgrunn av dette kan ein mindre andel av tilskotet fra posten gå til kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda, klikk her for meir info.

Du kan søkje om tilskot til istandsetting og vedlikehold. Dette gjeld òg søknad om tilskot til konservering av fast inventar. Denne tiltaksposten gjeld òg for samiske kulturminner og kulturmiljø. Private eigarar av freda bygningar der interiøret inngår i fredninga kan søkje på ordninga. Søknad om tilskot skal sendast i søknadssystemet DigiSak.

Tilskot til samisk kulturminnevern:

Sametinget ønskjer å bidra til at samiske kulturminne vert synleggjort, istandsett og formidla som ein ressurs for dei samiske samfunna og for ålmenta, meir informasjon og søknadskjema, regelverk. Kven kan få tilskot? Eigarar og brukarar av samiske kulturminne og krigsminne i samiske landskap. Kva kan ein få tilskot til? Bygningsvernprosjekt, registrering og dokumentasjon, skjøtsel og tilrettelegging.

Tilskot til fartøyvern:

Midlane vert fordelt av Klima- og miljødepartementet/Riksantikvaren, og går under bevaringsprogrammet for fartøy. Søknaden sendast til Riksantikvaren. Meir info.

Tilskot til teknisk-industrielle kulturminner: 

Midlane fordelast av Klima- og miljødepartementet/Riksantikvaren, og går under bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne. Søknadsportal. Kven kan søkje? Private, kommunale og fylkeskommunale eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne. Kva kan du søkje tilskot til?  Sikring, istandsetting, vedlikehald, kulturminne- og tilstandsregistrering, dokumentasjon, moglegheitsstudie.

Tilskot til konservering av kyrkjekunst:

Kven kan søkje? Kyrkjelege fellesråd og andre eigarar og forvaltarar av kyrkjer. Kva kan du søkje om? Tilskot til konservering og restaurering av maleri, altertavler/alterskap, prekestoler, døpefonter, skulpturer, tekstilar, kyrkjesølv og anna inventar i kyrkja. Korleis søkjer du? Send søknad til Riksantikvaren. Søknadar om tilskot til kyrkjekunst kan sendast inn heile året, men vi anbefaler å sende inn søknaden innan 15. januar.

Rentekompensasjonsordning for istandsetting av kyrkjebygg:

Midlane vert fordelt av Husbanken, og ordninga er for freda og verneverdige kyrkjer (retta mot kommunar og kyrkjeigarar). Søknaden sendast til Husbanken.

 

REGIONALE TILSKOTSORDNINGAR TIL KULTURMINNETILTAK

Vilkår for fylkeskommunen sine støtteordningar. 

Regionale tilskot til kulturminne og kulturmiljø 

Denne tilskotsordninga har som formål å bidra til å vedlikehalde og sette i stand kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verneverdi

Tilskot til brannsikring av tette trehusområde

Tilskot til brannsikring av tette trehusområde skal bidra til den nasjonale målsettinga om at «branner med tap av uerstattelige nasjonale kulturverdier ikke forekommer».

Tilskot til istandsetting av freda bygningar i privat eige frå før 1537

Målet med tilskot til profane mellomalderbygningar er å få bygningane opp på eit normalt vedlikehaldsnivå samstundes med at bygningane sin kjeldeverdi vert bevart. Dette er noko av dei eldste trebygningane i verda. Materiell autentisitet vert difor sterkt vektlagt. Søknadsportal og meir info.

Døme på istandsetting

Naust bygd i tru kopi av det gamle. 

 

Naust på Kvanne