Næringsplan 2021 - 2024 - under utarbeiding

Klikk for stort bildeBreibygda Næringsvennlig - bærekraftig - vekstkommune

Innhald

Innleiing

Om planen

Næringsplan for Surnadal kommune 2011-2015, vart vedteken 15.09.11, med ein lettare revisjon for perioden 2016-2020. Det er no utarbeid ein heilt ny næringsplan i 2020 som er gjeldande frå 2021. Det skal vidare lagast årleg handlingsplan som del av økonomiplanen.  

Prosess

Skjematisk oversikt over kommunalt plansystem:

Klikk for stort bildeOversikt kommunalt plansystemArbeidet med denne plana starta i august 2020, når utkast til Samfunnsdelen var ferdig. I og med plana er utarbeida i ei tid med smittevern-restriksjonar har produksjonen av plana vore utarbeida på ein digital plattform der fleire frå kommuneadministrasjonen har vore med å skreve inn i plandokumentet, og det har vore gjennomført møter med kollegar innafor ulike fagområde. For å få til god medverknad i denne utfordrande tida har det  vore gjennomført fleire webinar,  der næringslivet var invitert til å komme med innspel før plana vart lagt ut på høyring og politikarar har fått høve til å kome med innspel til plana. 
Høyringsrunden vart satt til 3 veker frå 6. november til 27. november og vart gjennomarbeid med innspel saman med formannskapet som skulle godkjenne plana før den vart behandla i kommunestyret .  

I denne digitale planen har vi valt å ta med "ordskyer" som vart produsert saman med næringsliv og politikarar som ein del av høyringsprosessen. Dette i ei tid der det har vore vannskeleg å møtast fysisk. Innspela er bruka som grunnlag til denne plana.

Næringsplana er ei strategisk plan for næringsutvikling og det skal utarbeidast handlingsplan for kvart år som skal innehalde tiltak som er forankra i den strategiske næringsplana. Handlingsplana skal godkjennast av formannskapet for kvart år. Tiltaka blir utarbeid i lag med samarbeidspartar som næringsforening, Innveno og SuSu. 

Planen omhandlar 10 tema:  Handel, industri, samferdsel, landbruk, reiseliv, lokalmat og kulturnæring er tematiske kapitel. Rekruttering og utdanning, arealstrategi og samarbeid for å nå måla er omtala  i eigne kapitel. 

Utfordringar 2020 - 2032

Verda er i endring, og i aukande tempo. Det blir stadig vanskelegare å seie noko sikkert om framtida. Likevel må vi handle, og vi må halde oss til det vi trur mest sannsynleg vil komme. I dette innleiingskapittel vil vi presentere dei faktorane som påverkar utviklinga i og for Surnadal kommune mest. 

Kommuneplanens samfunnsdel er kommunens overordna plan og skal gi kommunen grunnlag for å styre samfunnsutviklinga i ønska retning. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilheit og kommunen som organisasjon. 

Planen har eit tidsperspektiv på 12 år og måla er derfor langsiktige. Dei skal peike på kor ein ønsker at kommunen skal vere i 2032. 

Kommunane og plansamarbeidet har i arbeidet med ny planstrategi for perioden 2020 – 2032 sett på sentrale utviklingstrekk og utfordringar for kommunane og Nordmørsregionen. Dette er eit viktig kunnskapsgrunnlag for arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. 

Med eit folketal på 5 920  pr. 1. juli 2020 er Surnadal kommune ein middels stor kommune i Norge. Folketalet var på sitt høgaste i 1988 med 6 514 innbyggarar. Etter ein liten oppgang var folketalet oppe på 6 512 i 1994. Etter ein jamn nedgang i fleire år har folketalet halde seg rundt 6000 innbyggarar dei siste åra.


Det er relativt stor inn- og utflytting i kommunen, rundt 150-200 personar kvart år. Dei siste åra er det blitt fødd mellom 50-60 ungar og mellom 65-75 personar døyr. 

Delen av befolkninga med universitet- og høgskuleutdanning (22,4%) er lågare enn fylkes- og landsgjennomsnittet (28,7% og 34,6 %), men om lag på same nivå som andre distriktskommunar på vår storleik. Kommunen har større del kvinner med høgare utdanning (27,5%) enn menn (17,5%).  

Som tabellen under viser vil vi i følgje prognosane bli langt færre yrkesaktive i forhold til personar over 67 år i åra framover. 

Klikk for stort bildeTabell 1Vi ser også av tabellen at talet på personar i aldersgruppa 20-66 år blir redusert med 773 personar fram mot 2050. Den framtidige eldreomsorga, anna offentleg forvalting og næringsliv skal hente si arbeidskraft frå ei gruppe som i 2050 er redusert med heile 773  personar. Det blir ei viktig oppgåve i åra framover å arbeide for tilflytting .og sikre nok arbeidskraft. Den store utfordringa er at det er låge fødselstal i heile landet og det vil bli stor etterspurnad etter arbeidskraft,  truleg i heile landet. Arbeidsinnvandring og arbeidskrafta til busette flyktningar er og vil bli viktig også i åra framover. Slik sett er vi i same situasjon som Tyskland og mange andre nasjonar som over lengre tid har slitt med små fødselskull.

Det tenesteytande næringslivet er også avhengig av eit visst befolkningsgrunnlag.  For denne næringa kan også handelslekkasje, her også netthandel, og ikkje minst utanlandsreiser vere ei utfordring. 

Pendlartala dei siste åra viser at pendlinga ut av kommunen er stabil, mens innpendlinga har auka. Det er Sunndal kommune som tek imot flest pendlarar frå Surnadal. Deretter kjem etter tur Rindal og Halsa. Inn til kommunen kjem flest rindalingar, mens innpendlarar frå Heim (Halsa) er ein god nr.2.

Klikk for stort bildeTabell 2

 

Tabellen under viser utviklinga for sysselsettinga i kommunen for aldersgruppa 15-74 år. Kollonna sysselsette etter bustad viser kor mange av dei som bur i kommunen som er i arbeid, anten ved at dei arbeider i kommunen eller pendlar ut. Sysselsette etter arbeidsstad viser kor mange som har eit arbeid her i kommunen, av desse også innpendlarar. Tala på sysselsette har endra seg lite dei siste åra.

Klikk for stort bildeTabell 3I hamneområdet har kommunen Industrikaia sentralt plassert.  Frå landsida er det gode vegsamband inn til kaiområdet. Det er fylkesvegar som alle er 10 – tonns vegar og som er viktige samband til indre strøk av landet og til utlandet.  På sjøsida er det korte avstandar til dei havrelaterte aktivitetane utanfor kysten: olje, gass og fisk. I området ved hamna ligg store areal regulert og delvis opparbeidd til industriformål.

Utviklingstrendar fram mot 2032

Klima og naturmangfald

Vi står overfor to hovudutfordringar; Det blir stadig mindre urørt natur og meir natur som har for stor belastninga av auka bruk og trafikk. Det vert og stadig aukande utslepp av klimagassar. Begge desse tendensane heng saman med ei aukande befolkning globalt, og med aukande forbruk.

Gjennom Parisavtalen har Norge forplikta seg til å bidra til at den globale oppvarminga blir halde godt under to grader samanlikna med førindustriell tid, og helst avgrense temperaturauken til 1,5 grader. Norge sine klimaforpliktingar er vedtekne gjennom ein eigen klimalov der lågutslepps-samfunnet er omtala. Klimaloven har mål om at utsleppa av klimagassar i 2030 skal være minst 50, helst 55 prosent lågare enn i 1990. I 2050 må utsleppa av CO2 være netto null.

Å redusere utsleppa krev lokal innsats både frå innbyggarar og lokalsamfunn. Den globale oppvarminga har medført ustabilt klima på fleire måtar. Meir intens nedbør gir auka fare for flaum og skred. Langs kysten kan vi få auka risiko for orkan og stormflo, og på sikt havnivåstigning. Dette kan få store konsekvensar både for næringslivet og ulike samfunn langs kyst og vassdrag.

Menneska har tilpassa seg klimaet sia tidenes morgon. I dag er det vanskeleg å spå alle samfunnsmessige endringar som kan komme på grunn av endra globalt klima, og det blir nødvendig å gjennomføre klima og sårbarheitsanalysar med jamne mellomrom. Lokalt vil aukande temperaturar og hyppigare og meir intens nedbør sannsynlegvis føre til nye utfordringar for våre bustadar, næringsbygg, vegar, avløpssystem og anna infrastruktur. Vi må starte tilpassingsarbeidet i dag.

Den andre viktige miljøutfordringa er stans i tap av naturmangfaldet. Dette forsvinn nå i eit skremmande høgt tempo. Surnadal kommune har eit variert og rikt biologisk mangfald med høg tettheit av trua artar og naturtypar. Som samfunn har vi eit spesielt ansvar for å ta vare på dette.

Klimautfordringane vil prege næringslivet framover. Det er ikkje opp til næringslivet å løyse alle samfunnsutfordringane, men vi treng eit berekraftig næringsliv som tar ansvar i ein globalisert økonomi for å bidra til reduserte utslepp og sikre naturmangfaldet.  Berekraft må også inn som ein del av forretningsstrategien for å sikre framtidig konkurransekraft. Det handlar om å ta ansvar for ei breiare berekraftig utvikling og tilpasse aktiviteten til nullutsleppssamfunnet.

Digitalisering

Alt som kan digitaliserast vil bli digitalisert. Ny teknologi, ny programvare, nye måtar å arbeide på og kommunisere på. Digitalisering er ein føresetnad for samfunnsutvikling og modernisering av kommunane. Dette krev stadig påfyll av utstyr og kompetanse.

Det kan vere vanskeleg å få tak i personar med høg digital- og teknologikompetanse i kombinasjon med god forretningsforståing. Denne situasjonen er forventa å eskalere kraftig framover og påverke bedriftene sine evne til å få realisert sine digitale planar.

Bedrifter som evner å ta i bruk ny teknologi kjem til å få eitt forsprang på andre aktørar. Betre utnytting av mellom anna data og digitale plattformer til meir smidige endringsprosessar er fordelar som blir nemnt.

 Berekraftig digitalisering handlar også om verksemda sine evne til å sjå korleis teknologi kan skape mulegheiter for utvikling av nye produkt og tenester, og forbetring av eksisterande.

FNs bærekraftmål

Hausten 2015 vedtok FNs medlemsland 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Berekraftsmåla ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng. Dei gjeld for alle land og er eit vegkart for den globale innsatsen for ei berekraftig utvikling. (FN-sambandet)

Regjeringa har bestemt at dei 17 berekraftmåla til FN skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid, også i Norge. Gjennom nasjonale føringar for regional og kommunal planlegging, er det tydelege forventningar om at kommunal sektor legg FN sine berekraftsmål til grunn for samfunns- og arealplanlegginga.

Klikk for stort bildeFNs bærekraftsmålBerekraftmåla viser dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: klima og miljø, økonomi og sosiale forhold. Samanhengen mellom desse dimensjonane avgjer om noko er berekraftig. Måla skal vise veg mot ei berekraftig utvikling på kort og lang sikt. Plansamarbeidet på Nordmøre har berekraftsmåla som grunnlag for revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel.

Berekraftig utvikling er ei utvikling som imøtekjem dagens behov utan å øydelegge mulegheitene for at kommande generasjonar skal få dekka sine behov

Modellen under viser dei tre dimensjonane berekraftsmåla er organisert etter:

Klikk for stort bildedei tre dimensjonane 

Næringsvennlig kommune

«Næringsvennlig kommune» og «Næringsvennlig Region» er to anbefalte verktøy utvikla av Innovasjon Norge. Surnadal har i samarbeid med Sunndal starta dette arbeidet for å vurdere kvaliteten av sine tenester og samhandling med lokalt næringsliv.

Målet er at Sunndal og Surnadal kommunar (regionen) skal bli ein av dei mest attraktive regionane for etablering av arbeidsplassar innan område der kommunane har spesielle fortrinn. Dette skal skje ved at kommunane sin evne til å arbeide utviklingsretta styrkast, slik at eksisterande og nytt næringsliv får gode rammevilkår for vekst og utvikling.

Vekstkommune

Kommunane har ansvar for å sikre gode levekår og eit likeverdig tenestetilbod lokalt, og skal samstundes vere ein pådrivar for lokal samfunns- og næringsutvkling. Målet er å halde på innbyggjarar som kjem til kommunen, og å tiltrekke seg nye. I mange vekstkommunar utanfor dei store byane har ikkje problemet dei siste åra vore mangel på arbeidsplassar, men mangel på kvalifisert arbeidskraft. Surnadal kommune ønsker å vere ein attraktiv og  framoverlent kommune for næringslivet.