Kapittel 1; Handel, service og tenester

Handel, service og tenester 

Innhald

Handel, service og tenester

Med handel, service og tenester meiner vi all verksemd som tilbyr varer og tenester, t.d. frisørar, bank, landbruksmaskiner og detaljhandel. Med service og tenester meiner vi også handverkstenester som tømrar-, VVS- og elektroarbeid.

Handelsnæringa er ein stor arbeidsgjevar og gjev jobb til mange. Det er forbruket av varer og tenester som dannar rammene for marknaden. Innafor desse er det handels- og tenestebedriftene sin jobb å skape god konkurransekraft og lønsemd.

Framtidas velferd avheng av at yrkesdeltakinga aukar. Varehandelen og handel med service og tenester kan spele ei sentral rolle her, da bransjen har eit mangfald og gjev fleire si første arbeidserfaring. Handel, service og tenester er som dei fleste andre næringar avhengig av teknologiske endringar som går stadig raskare. Dette gjev bransjen nye mulegheiter, særleg innafor netthandel. Sjølv om hovudtyngda av omsetninga framleis går gjennom tradisjonelle kanalar, veks netthandel med 15 - 20 % årleg.

I tillegg til dei teknologiske drivarane er også kundane sine handlevanar i endring. Kunden kan handle dyre merkevarer før lunsj, seinare på dagen handle i ein bruktbutikk og på kvelden gjere vekeshandelen for mat på nettet. I tillegg er kunnskap om produkt og pris så lett tilgjengeleg at opptil 70% av kjøpsavgjerdene kan vera gjort før kunden kjem inn i butikk/nettbutikk. Kunden kan på enkelte produktområde ha meir kunnskap om produkt og pris enn det seljar har. Dette sett heilt nye krav til mellom anna salskompetanse, produkt- og priskommunikasjon.

Statistikk: Talet på verksemder i Surnadal er veksande og større enn talet på verksemder i kommunane rundt oss. Ein vesentleg del av desse verksemdene er handelsverksemder.

 

Statistikk: Omsetning per innbyggar i detaljhandel (kr),

 

Mål og strategiar

 

Mål

  • Styrke Surnadal sin posisjon som eit handelssenter på Indre Nordmøre
  • Nå ei omsetning innan detaljhandel på 100 000 kroner pr. person pr. år 
  • Arbeide for at bransjen har sirkulærøkonomi som eit mål for utvikling og vekst 

Strategi:

  • Bidra til kompetanseheving innafor bransjen
  • Bidra til at dei teknologiske endringane blir implementert
  • Redusere svinn og usortert avfall frå aktørane i bransjen
  • Bidra til å oppretthalde og vidareutvikle hovudkontor for kjøpesenter i Surnadal
  • Bidra til å oppretthalde og vidareutvikle ein variert detaljhandel i kommunen med fokus på lokalproduserte, kortreiste produkt.
  • Bidra til å vidareutvikle eit attraktivt sentrum for handel, service og tenester
  • Bidra til å oppretthalde og utvikle gode nærbutikkar utanfor sentrum 
  • Legge til rette for samt bidra til samarbeidsprosjekt innafor bransjen

Berekraftsvurdering

Både Surnadal som eit attraktivt handelssenter og nærbutikkar utanfor kommunesenteret vil gi oss arbeidsplassar og skatteinntekter, tilby sosiale møteplassar og redusere behovet for reiser ut av kommunen eller bygda ein bur i. Kompetanseheving og implementering av ny teknologi vil gi attraktive og meiningsfylte arbeidsplassar. Redusert svinn og usortert avfall er positivt i ei framtid med sirkulær økonomi. Forbruk av varer, inkludert produksjon, transport og destruksjon slik vi kjenner dette i dag, bidrar i stor grad til utslepp av klimagassar, og auka forbruk kan nok slik seiast å vera i konflikt med eit av dei grunnleggande berekraftsmåla, dvs å stoppe klimaendringane.

Innspel frå politikarar og næringsliv

Frå formannskapet 

Frå næringslivet