Kapittel 10; Strategi for næringsareal

 

Innhald

Strategi for næringsareal

Det vil vere eit svært viktig konkurransefortrinn for kommunen å ha næringsareal med plassering, størrelse og samansetning som er tilpassa til næringslivets og samfunnets behov til ei kvar tid.  Næringsareal er viktig for å skape arbeidsplassar, som igjen er svært viktig for å få nye innbyggarar/tilflyttarar til kommunen.

Klargjering av nye næringsareal går føre seg gjennom langsiktige prosesser. Det er vanleg at det kan ta 10-15 år frå ein vurderer eit område som eit mogleg/framtidig næringsområde og fram til at utbygging kan starte.  I mellomtida skal området takast inn i kommuneplanens arealdel, kommunen må avsette investeringsmidlar i økonomiplanen, ein må erverve grunn, utarbeide og vedta reguleringsplan og til slutt opparbeide infrastruktur (veg, vatn, avløp, straum/fiber mv).

For at kommunen skal ha nok næringsareal til det framtidige næringslivet, er det viktig at vi ligg i forkant av utviklinga. Vi må sørge for å ha god innsikt og til ei kvar tid har oversikt over eksisterande og framtidig næringsliv sine behov, og nytte denne kunnskapen for å ha riktig type/størrelse av næringsareal tilgjengeleg både på kort og lang sikt.

Av kartet nedanfor kan ein sjå at pr. hausten 2020 er det berre 2 små areal (gul farge) med kommunalt næringsareal som er ledig og til sals i Surnadal. Det eine ligg på det gamle avfallsdeponiet og vil derfor være hefta med så mange restriksjonar at det i praksis ikkje er interessant for mange.

Det orange området viser regulert næringsareal som så langt ikkje er tatt i bruk eller tilrettelagt/oppfylt. Det går ein regulert kanal (grønt belte) gjennom området som deler arealet i 2. Arealet nord for kanalen er ca. 100daa og arealet sør for kanalen er ca.115daa. I løpet av 2020 er det med finansiering frå fylkesmannen gjennomført ornitologiske registreringar i heile dette området. Surnadal kommune har også søkt om midlar til ei kartlegging av deltaområdet for å gi ny kunnskap om ulike naturtypar. Det kan derfor vise seg å være utfordringar med å kunne utnytte arealet til næringsareal.

 

I tillegg til arealet i Røtet har Surnadal komme to små område med næringsareal der det framleis er noko ledig areal. Det eine “Krokjen” ligg på nedsida av Øravegen ved Surnadal Varme og Sanitær. Det andre ligg på Kvanne mellom Kvande & Nordvik og motocross-banen. I området ved Krokjen må det påreknast ein god del opparbeidingskostnader, da grunnforholda her er særs dårlege.

Framtidig næringsareal

Med tanke på framtidig tilgjengeleg næringsareal kan det være høve både sør og nord for det “orange” arealet på kartet ovanfor. I kartet nedanfor er det teikna inn 2 område som kan være slike område utan at det har vore gjort nokon konkrete sonderingar rundt realismen i desse områda. Ut over dette kan det også vere andre alternative områder som kan nyttast til industri og næring. Men disse vil sannsynlegvis ikkje vere plassert i samband med dei andre næringsareala i Røtet.

Område 1) ca 80daa
Kommunalt areal som har vore nytta som avfallsdeponi. Arealet er derfor hefta med ein del restriksjonar, men ikkje umogleg å nytte til ulik type næringsverksemd.

Område 2) ca 50 daa
Her er ikkje Surnadal kommune grunneigar og ein stor del av arealet må fyllast opp.   

 

Mål og strategiar

Mål

  • Kunne ha rikeleg med tilgjengeleg næringsareal ferdig klargjort
  • Kunne ha tilgjengeleg areal til ulike typar næring, både handelsverksemd og industri.

Strategiar

  • Legge til rette for fortetting av næringsarealet slik at ein får utnytta arealet meir effektivt enn i dag.
  • Vi må gjere det attraktivt for næringsaktørar og etablere seg i Surnadal.
  • Vi bør legge til rette for ulike typar næringsareal.

Berekraftsvurdering

Tilgjengeleg næringsareal er ein grunnleggande føresetnad for utvikling av næringslivet, og slik også for at ei rekkje funksjonar i samfunnet elles skal oppretthaldast.  Tilrettelegging av nytt næringsareal må likevel skje innafor rammene av dei miljømessige berekraftsmåla. Nedbygging av areal, dvs. omgjering av natur til t.d. industriformål, er i dag den klart største trusselen mot bevaring av naturmangfald.