Kapittel 2; Industri/sekundærnæring

Industriområdet 

Innhald

Industri/sekundærnæring

Industri er ei generell nemning for næringsverksemd som består i handsaming av råstoff eller råvarer. Omgrepet blir bruka oftast om framstilling og produksjon av varer. I denne plana tek vi også med transport og anleggsverksemd i dette kapittelet. Dermed er omgrepet sekundærnæring  meir korrekt. Sekundærnæring er næringsliv der varer blir heilt eller delvis produsert ved å omgjere råvarer frå jord- og skogbruk. Næringsgruppa omfattar bergverk, vareproduserande industri, vatn og kraftverk, raffinering av olje, og bygg og anlegg. Her inngår dermed nokre av dei store og toneangivande verksemdene vi har i Surnadal, slik som Pipelife Norge, Talgø MøreTre, Svorka og Surnadal Transport.

Som ein kan sjå av statistikken nedanfor, utgjer sekundærnæringa ca. 25% av næringsverksemda i Surnadal og sysselsett i overkant av 700 personar. Dette i all hovudsak innafor privat sektor.

 

 

Det har vore stor vekst og oppløftande tal for sekundærnæringa i Surnadal dei siste åra. Sysselsetting innafor området har auka med over 100 sysselsette dei siste 6-7 åra (ref. SSB), tilsvarande ca. 15%. Ser ein på utviklinga av sysselsette totalt i Surnadal i den same perioden, er denne på berre 1%. Sekundærnæringa har såleis ein sterk vekstfaktor.

I næringsplana vil ein derfor legge til rette for at denne veksten skal halde fram. Med Surnadal sin ambisjon om å stå fram som ein berekraftskommune, bør kommunen bidra med å legge ekstra godt til rette for såkalla “grøne” arbeidsplassar.

Ein  fersk rapport frå Menon Economics (2020), viser eit enormt potensiale for nye, grøne arbeidsplassar i Norge. I eit scenario der Norge omstiller seg på ein måte som gjer at vi når måla i Parisavtalen, vil fire næringar kunne skape opptil 80.000 nye arbeidsplassar i løpet av dei neste 15 åra: fornybar energi,  maritim næring, prosessindustrien og sjømatnæringa. Med vår mangeårige utviklingskultur og erfaring innafor skog- og treindustrien har Surnadal gode føresetnader for å ta del i det grøne skiftet og skape nye, grøne arbeidsplassar.

Mål og strategiar

Mål

  • Oppretthalde veksten av sysselsettinga og utviklingsfokuset blant sekundærnæringa
  • Oppnå betre samarbeid mellom bedrifter og i nettverk innan industrien
  • Auke graden av digitalisering, robotisering og effektivisering innanfor industrien
  • Auke eksporten av varer og tenester frå bedriftene i kommunen med 10% 
  • Redusere utsleppa av klimagassar i neste 4-årsperiode
  • Arbeide for at bransjen har sirkulærøkonomi som eit mål for utvikling og vekst 

Strategiar

  • Bidra til at bedriftene får gjennomført digitalisering og robotisering av industriproduksjonen
  • Legge til rette for fleire kvinner i industrien
  • Bidra med tiltak som kan redusere sjukefråverat i verksemdene.
  • Bidra til kompetanseheving og kompetent rekruttering
  • Nok areal og gode logistikkløysingar
  • Bidra til å skaffe næringa langsiktige og forutsigbare rammevilkår 
  • Bidra til enda betre samarbeid og kompetanseutveksling mellom skule/kompetanseinstitusjonar og næringsliv.

Berekraftsvurdering

Vekst og utvikling innanfor sekundærnæringane vil oppretthalde arbeidsplassar, som er positivt viss dette kan skje via kompetanseheving og bruk av ny teknologi. Særleg innafor skog- og treindustrien er det mulegheiter for produkt som har lågt klimafotavtrykk. Fokus på å tilsette fleire kvinner i desse næringane og redusert sjukefråvær vil styrke det sosiale aspektet av arbeidslivet. Nedbygging av natur er i dag hovudtrusselen mot tap av naturmangfald. Utviding av areal til industri kan derfor ha negativ innverknad på berekraftsmål nr. 15 om å ivareta liv på land.

Innspel frå politikarar og næringsliv

formannskapet 

Næringslivet