Kapittel 4; Landbruk

Bæverfjordsetra Husby    

Innhald

Jordbruk

I 2019 var det 146 gardsbruk i drift i Surnadal (260 bruk i år 2000) med eit gjennomsnittleg dyrka areal på 249 dekar (141 dekar i år 2000).

Norges Bondelag legg til grunn at kvart årsverk direkte i landbruksproduksjon skaper ein til to arbeidsplassar i andre tilstøytande verksemder. Det blir utført flest årsverk i mjølkeproduksjon på storfe og i saue-haldet. Andre produksjonar er ammekyr, korn, gris, fjørfe og egg.

I Surnadal har 67 gardsbruk produksjon av storfekjøtt, av desse er 46 mjølkebruk. Det er 36 sauebruk, 17 bruk med ammekyr, 4 bruk med gris og 35 bruk med korn.

Bønder driv også i tillegg med annan produksjon, til dømes næring innan skogbruk, turisme, jakt og fiske, vidareforedling og sal av gardsmat.  Etablering av gardsslakteri, gardsmeieri, småkraftverk og veterinærklinikk er også næringsverksemd landbruket i Surnadal står bak.

Surnadal har ei offensiv landbruksnæring, og dei siste åra er det bygd fleire nye fjøs. Det blir dyrka vel 36.400 dekar jordbruksareal, mest gras til fôr og beite. Av dette er 4.300 dekar korn. Kommunen har vel 41 prosent av kornarealet i fylket.

Status for landbruket i Surnadal pr. 2019:

146 bruk i drift, av desse 67 med storfekjøtt

46 mjølkebruk og 36 sauebruk

1.450 mjølkekyr

3.700 ammekyr og andre storfe

8.300 sau og lam

2.300 griser

15.000 høner

83.000 slaktekyllingar

Vi er den femte største jordbrukskommune i fylket målt i talet på bruk

Vi har kultur- og fjordlandskap av verdsformat

Det aktive landbruket gir ringverknader for arbeidsplassar og omsetning i kommunen

Produksjonen frå landbruket i Surnadal står for årsforbruket av drikkemjølk, ost og andre meieriprodukt til vel 37.500 personar, og kjøttproduksjonen står for årsforbruket av kjøtt til vel 15.500 personar. Surnadal er såleis ein solid bidragsytar i sjølvforsyningsgraden av mat, og dermed ein  støttespelar for samfunnet vårt med tanke på sikkerheit og beredskap.

I Surnadal er det fire produsentar av trefjøs. Dette er unikt i norsk samanheng, og dermed eit veldig viktig fundament vidare for vekst og utvikling. Meir bruk av tre i landbruksbygg vil vera eit svært viktig element i landbruket sin avtale med myndigheitene om ein framtidig reduksjon av samla klimautslepp frå landbruket.

Skogbruk

Surnadal er den største skogbrukskommunen i Møre og Romsdal. Det er stor aktivitet både i primærskogbruket og innan vidareforedling.

All skog i Surnadal kommune vart taksert i samband med områdetakst for kommunen i perioden 2004-2007. Resultata viser:

Skogbruk
Areal produktiv skog Total tilvekst Brutto balansekvantum
235 000 dekar 50 000 kubikk 35 000 kubikk

Hogst av tømmer

Hogst av tømmer i dag blir all hovudsak utført av innleigde entreprenørar. Det aller meste av tømmervolumet er hogst av gran. Det er plantefelta frå dei store planteåra på 50- og 60-talet som no er kome i hogstmoden alder.

Hogst av tømmer siste fem år:

Hogst i Surnadal kommune omsett gjennom ALLSKOG SA og Nortømmer AS
År 2015 2016 2017 2018 2019
Kubikk 32 778 53 548 36 691 39 398 50 519

 

Skogkultur

Vi nyt i dag godt av dei langsiktige investeringane i skogen, som tidlegare generasjonar gjorde. Vi må òg sørge for at barnebarna våre også kan hauste av den same ressursen.  Målet framover er å plante til hogstfelta etter gran, noko som også lovpålagt. I furumark er plantinga no erstatta med markberedning og naturleg forynging av furu.

I 2020 blir det gjeve 40% statstilskott til planting og opptil 70% statstilskot til etterarbeid (også kalla ungskogpleie).

Areal nyplanting og etterarbeid (ungskogpleie)
År 2015 2016 2017 2018 2019
Planting, daa 512 542 356 774 696
Etterarbeid, daa 661 1002 939 1061 1157

 

Mål og strategiar

Mål

  • Surnadal skal ta nye deler av aukinga i marknaden for landbruksproduksjon 
  • Auke kunnskapen og kompetansen innan landbruket som bidrag i å vidareutvikle landbruket
  • Hindre meir gjengroing av beiteområde
  •  Auke rekrutteringa innan landbruket
  • Utvikle og teste nye og meir berekraftige driftsmåtar innan landbruket
  • Sikre framtidig avverking og skogkulturarbeid
  • Ein større del av dei lokale og regionale skogsressursane skal vidareforedlast lokalt
  • Surnadal skal bli blant dei fremste kommunane i landet for utvikling av framtidas landbruk 
  • Arbeide for at bransjen har sirkulærøkonomi som eit mål for utvikling og vekst 

Strategiar

  • Vidareføre førehandskonferansar for nye driftsbygningar
  • Samarbeid om “Kløverstukveldar”, avløysarkurs m.m.
  • Stimulere til større gjødselslager slik at gjødsling skal skje i vekstsesongen
  • Kunne bidra til tilskott til grøfting
  • Stimulere til god veterinærteneste for alle dyreslag, både husdyr og kjæledyr, bygge opp eit kompetansemiljø med regional attraktivitet
  • Stimulere til meir ungskogpleie og at hogstflater blir tilplanta
  • Stimulere til utvikling av foredlingsindustri, både for trematerialerog biomasse frå skogen
  • Vidareføre ordninga med “Kontaktutval for skogbruk”
  • Delta i ulike samarbeidsprosjekt i skogbruket, for eksempel LENSA

Berekraftsvurdering

Den store matproduksjonen i landbruket i Surnadal imøtekjem berekraftsmålet om å utrydde svolt, og lokal produksjon av mat er generelt viktig i beredskapssamanheng. Surnadal kommunen ønsker å bidra til å oppretthalde dagens gode faglege og sosiale samarbeid blant bøndene og meiner dette er vesentleg for at fleire kan tenke seg å arbeide i landbruket og gi utvikling her. Både skog- og jordbruk drive på rett måte bind karbon og er slik positivt i høve til miljømessig berekraft. Landbruk drive på lag med naturen vil også bidra til å oppretthalde naturmangfald.

Innspel frå politikarar og næringsliv

 Næringslivet  Formannskapet