Kapittel 6; Reiseliv

Nauståfossen Lediard Foto  

Innhald

Reiseliv

Reiseliv er ei næring som er særs samansett og som bidreg positivt til kommunen på mange måtar. Surnadal og aktørane i området har fleire godt etablerte bedrifter innan reiseliv og ei fin blanding av erfarne drivarar og nyetableringar. Mange av aktørane har verksemda innan reiseliv som attåtnæring. Det er lite samhandling mellom bedriftene, og fram til no har det vore lite koordinering og samla innsats for å utvikle Surnadal som ein reiselivsdestinasjon. Turistinformasjonen er lokalisert på kulturhuset, og det er Thon Hotel Surnadal som tar seg av den daglege drifta. Drifta er heilårleg og skjer gjennom tenesteavtale med Surnadal kommune.

Surnadal har mange bedrifter som er knytt til reiseliv. Det er mange overnattingsbedrifter, frå hotell til campingplassar og turisthytter. Dei er godt spreitt rundt i heile kommunen: Bøfjorden, Flessen, Bøverfjorden, Skei og Surnadalsøra, Kårvatn og Todalsøra, Kvanne, Stangvik og Øvre Surnadal. Dei fleste heilårs serveringstilboda er i sentrum, forutan gourmetrestauranten på Svinvik Gard som på kort tid har fått eit godt renome langt utanfor kommunen. Det er i tillegg fleire sesongdrivne tilbod som kafeen i Svinvika og Todalshytta, for å nemne nokre.

Reiselivsnæringa gjev omsetning langt ut over reiselivsbedriftene, inklusive sal av varer og tenester som transport, overnatting, servering, formidling av reiser, aktivitetar og attraksjonar. Globalt har reiselivsnæringa hatt ein stor vekst sidan starten på 70-talet. Norge har tatt del i denne veksten, men har hatt svakare utvikling enn snittet. Det kjem mellom anna av sterk kronekurs og høgt lønnsnivå. Det at mange reiser meir og oftare, har ført til ei utvikling kor det blir stilt stadig høgare krav til innhald i reiselivsprodukta, og det er ein betydeleg vekst i etterspurnaden etter naturbaserte og kulturelle opplevingar. Ved å tilfredsstille denne etterspurnaden syner det seg at viljen til å betale for slike opplevingar er aukande. Det vil òg kunne føre til at reiselivstilbodet ikkje lenger er berre sesongbetont, men blir meir heilårleg.

Gode tilbod til fastbuande vil òg medføre fleire og betre reiselivstilbod. Det same gjeld godt tilrettelagte reiselivstilbod, som òg oftast vil vera til stor glede for lokalsamfunna. Eksempel på dette er Surnadal alpinsenter, Nordmarka skisenter, Surnadal golfklubb, og alt arbeidet som er lagt ned med stimerking og skilting dei siste åra, for å nemne noko.

RISS: er eit utviklingsløp der 10 bedrifter (8 frå Surnadal) er med på å finne, forme og utvikle opplevingar gjennom historier. Prosjektet er i sin siste fase, og i neste planperiode vil det bli viktig å få gjennomført tiltaka som har kome fram og inkludere fleire bedrifter i dette arbeidet.

Det er arbeidd fram 5 konsept der dei aller fleste bedriftene kan knytte seg opp til eit eller fleire konsept.

De 5 konsepta er:

  • Midt i matfatet – Råvara si kraft og lokalmat og -drikke
  • Kunst i Vårsøgland – Nære kunst og kunstnaren og kulturfestivalane.
  • Herifrå – Kultur, historie og produkt med utgangspunkt i historia vår og «helterane» våre.
  • «Hæm åt trolla» – Aktiviteter og opplevingar knytt til Trollheimen.
  • Det gode liv – gardsdrift og bygdeliv, opplevelser på bygda, gardsopplevelsar og andre opplevelsar basert på det vi har rundt oss (natur; elv, fjell, vann, sjø etc.)

Status før og etter korona: for reiselivsnæringa er det nok i alle fall ei tid før og etter korona og 2020 vil gå inn i historia som eit spesielt år. 

For Surnadal har vi tal for juni, juli og august, i denne perioden er det samla registrert 17 849 overnattingar på hotell og hytter med over 5 bueiningar. For april-august er talet 20 168. Det er ikkje grunnlagstal for januar-mars. 

For Nordmøre er overnattingsstatistikken i sommarmånadane på 133 893. Det inneber ein nedgang på 19,6 % i dette spesielle året. 

“2020 var året der nordmenn besøkte dei mest kjente attraksjonane. Vi meiner at åra framover kan tyde på at både nordmenn og turistar frå utlandet, vil søkje dei litt ukjente stadane som ikkje har kø og opplevingar for den store massen. Det forutsett at ein er tilgjengeleg, har gode og gjennomarbeid produkt og samarbeider med andre reiselivsaktørar. 

Vi ser tydeleg at nordmenn også vil etterspør desse opplevingane i framtida: Kortreiste opplevingar og kortreist mat. Nordmenn er erfarne reisande og overnattar mykje på hotell. I ferien, søkjer mange andre opplevingar enn en hotellseng- de ønsker tilleggsopplevingar kor ein får andre og fleire opplevingar f.eks. i form av utsikt, fred og ro og annleis enn det vi er vant til. Det er stadig viktigare med trygge opplevingar, unngå trengsel, enkel bestilling og tydelege reglar for f.eks. avbestilling.

Destinasjonar som klarer å kombinere fleire opplevingar og spesielle overnattingar, vil har større sjans å lykkes. Ein må i tillegg klare å synleggjere korleis ein kjem seg hit og gjerne med forslag til rundtur kor ein også viser kva naboen har og samarbeider om utfyllande opplevingar.

“Vi har også fått tilbakemelding frå turoperatørar frå den utanlandske marknaden som underbygger det som her er nemnt: Norge er meir aktuelt enn nokon gang fordi det opplevd som eit trygt land å besøke. Det andre poenget er at turoperatørane arbeider med mindre grupper.” Kilde: Vist NR

“Kartlegging av nordmenns reisevanar på norgesferie viser:

  • Naturopplevelsar og å eta på restaurantar og spisestadar på topp, ca. 70%
  • Strand, sol og bading, byopplevelsar og oppsøke kjente naturattraksjonar ligg på rundt 50%.
  • Vidare kjem besøke museum, utstillingar, gallerier og sightseeing.
  • På rundt 20% kjem fornøyelsesparkar, konsertar, leie syklaer, kajakk og delta på aktivitetar.”

Kilde: Innovasjon Norge

Utmarka

Utmarka i kommunen utgjer ein stor ressurs, både som beiteland for husdyr og storvilt, som ein jakt- og fiskeressurs, for sal og feste av hyttetomter og utleige av hytter. Hytter har vore og er ein viktig inntektspost for mange grunneigarar. Store areal er regulert for hyttebygging. Jakt- og fiskeressursane er lite kommersielt utnytta.

Storviltjakt

Hjortestammen i kommunen er no høg, og det er eit spørsmål om vi nærmar oss ei grense for kor stor han bør bli.  Avskytinga er siste år på omlag 600 dyr. Vi opplever auka skadepress på både innmark og utmark. Det er viktig å sjå på hjorten som ein ressurs. Jakta har ein stor rekreasjonsverdi og kan også gi grunneigarane ei tilleggsinntekt ved sal av kjøtt eller sal av jakt.

Elg og elgjakt er også ein viktig ressurs. Vi ligg no på ei avskyting på 40-50 dyr i året. Det er eit ønske å halde avskytinga på dette nivået.

Småviltjakt

Småviltjakta er organisert av grunneigarane ved sal av kort eller privat utleige. Jakta er ein viktig del av friluftslivet for både kommunen sine innbyggarar og utabygdes hytteeigarar.

Mål og strategiar

Mål

  • Alle reiselivsbedrifter skal drive profesjonelt, berekraftig og lønnsamt
  • Vi vil ha fleire naturbaserte reiselivsprodukt
  • Avklare ansvar og rolleavklaring i næringa i forhold til både marknadsføring og produktutvikling
  • Styrke og etablere gode nettverk innafor næringa
  • Motivera næringa til å ha bookbare produkt og produktpakkar
  • Få etablert fleire gode reiselivsprodukt
  • Få meir hyttebygging i kommunen

Strategiar

  • Utvikle og skape fleire arbeidsplassar innafor reiseliv generelt og natur- og kulturbasert reiseliv spesielt, da basert på våre lokale ressursar, som laksefiske, jakt og anna fiske, rein natur og friluftsliv
  • Avklare og legge til rette for god marknadsføring av kommunen og reiselivsnæringa
  • Ivareta kommunen si vertskapsrolle ved å lega til rette for turstiar, skilting mm
  • Bidra til kompetanseheving og gode rammevilkår for reiselivsnæringa
  • Bidra til at fleire bedrifter driv berekraftig og blir sertifiserte
  • Utvikle vidare kultur- og idrettsbasert næringsutvikling, m.a. gjennom å etablere større arrangement med utgangspunkt i dei idretts- og kulturanlegga og fritidstilboda vi har. Strategi for kultur, omdømme og identitet frå kommuneplanen sin samfunnsdel: Bidra til å bli blant dei fremste og mest kjente i Midt-Norge innafor friluftsliv, og til å legge til rette for aktivitetar i tilknyting til det
  • Verneområdet; «Innfallsporten til Trollheimen», bidra til skilting, informasjon og tilrettelegging for tilgang til Trollheimen via innfallsport Todalen
  • Bidra til at det blir fleire hyttetomter og fleire som bygger hytte i kommunen

Berekraftsmål

Vidareutvikling av reiselivet kan gi fleire arbeidsplassar og slik bidra til å oppretthalde folketalet. Dette er positivt både i forhold til sosial og økonomisk berekraft. Produkt med låge miljø- og klimafotavtrykk kan også sikre miljømessig berekraft. Å rette seg mot den norske og t.d. skandinaviske marknaden reduserer talet på flyreiser som av miljømessige årsaker bør reduserast. Vidare hyttebygging bør skje utan nedbygging av særleg verdifullt areal på ein mest mogleg ressursvennleg måte.

Innspel frå politikarar og næringsliv

Formannskap Næringsliv