Eigedomsskatt i Surnadal

I Surnadal er det eigedomsskatt på både bustad-, fritidsbustad- og næringseigedomar. Skatten for 2018 er skrive ut med 7 promille for  næringsbygg, verker og bruk og 6,5 promille for bustadar og fritidsbustadar.

Fritak frå taksering

Einebustadar og fritidshus har fritak i 5 år frå bruksløyve blir gjeve til eigedomen blir taksert.

Botnfrådrag

Pr. 2018 er det eit botnfrådrag på kr 150.000,- som blir trekt i frå ved fakturering.

Betaling

Eigedomsskatten blir fakturert saman med kommunale avgifter. Det vil seie at du får eigedomsskatt og kommunale avgifter på same faktura.

Eigedomsskatten (og kommunale avgifter) skal betalast i to terminar med forfall:

  • 1.termin – 20.april
  • 2.termin – 20.oktober.

Kontaktinformasjon

Jenny Stensby
Konsulent Økonomi
E-post
Mobil 416 24 991

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL