Viktig informasjon om fastsetting av skattegrunnlaget

Eigedomsskatt er ei skatteform kommunestyret sjølv kan vedta å skrive ut. Dette er den einaste skatten som i sin heilskap går til kommunen, og som kommunen sjølv rår over jamfør gjeldande lovgjeving. Eigedomsskatten blir skriven ut med heimel i Eiendomsskatteloven.

Eigedomsskattelova § 8A-2 har slik ordlyd om verdsettinga:

”Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.”

Det er nytta to metodar for å fastsette skattegrunnlaget for eigedomsskatten. Den eine metoden er utrekna marknadsverdi, den andre er sjablong (sjå forklaring under). Kva for metode som er nytta for din eigedom ser du på skattesetelen din. Metoden som er brukt påverkar korleis du kan gjere endringar/rette klage.

Det er viktig at skattegrunnlaget er rett. Kommunen ønskjer difor at du sjekkar aktuelle punkt som gjeld den metoden som er bruka for å fastsette skattegrunnlaget for din eigedom. 

Metode A - Utrekna marknadsverdi:

Dersom eigedomen har fått eigedomsskatt utskriven på grunnlag av utrekna marknadsverdi, betyr det at skatteetaten sin verdi er lagt til grunn. Kommunen har da innhenta verditakstar frå skatteetaten og i utgangspunktet nytta denne som grunnlag for eigedomsskatt.

Kommunen ønskjer at du sjekkar at skatteetaten har rett areal på primærrom (p-rom) i din bustad, da det er arealet for p-rom son dannar grunnlaget for taksten. Eit p-rom er alle rom utan garasje, fyrrom, søppelrom, ikkje innreidd kjellarrom, boder, ikkje innreidd loft og gang som ligger i mellom disse romma.

Gå til skatteetaten sine heimesider for rettleiing i korleis måle opp p-rom.

Metode B -  Bruk av sjablong:

Dersom eigedomen har fått eigedomsskatt utskriven på grunnlag av sjablong, betyr det at kommunen har fått eigedomen taksert spesielt ved synfaring på eigedomen. Dette kan skuldast at utrekna marknadsverdi frå skatteetaten manglar eller er mangelfull. Til dømes kan eigedomen ha fleire bygningar enn det som er oppgjeve i skattemeldinga. Denne metoden er nytta for dei fleste fritidseigedommar og våningshus og andre skattbare bygg i kommunen.

Kommunen ønskjer at du sjekkar at vi har brukt rett BRA (bruksareal) på din eigedom, da denne er med og dannar grunnlaget for taksten. BRA (bruksareal) er arealet av bustaden på innsida av ytterveggen, bruksarealet inkluderer dei innvendige veggane.

Ein takst basert på sjablong er normalt gjeldande i 10 år, medan ein takst basert på utrekna marknadsverdi vil være avhengig av den årlege skattemeldinga. Takstane skal spegle den venta marknads/omsetningsverdien som eigedommen har (Eigedomsskatteloven §8 A-2).

Under kan du lese kommunen sine retningslinjer for taksering av eigedomsskatt:

RETNINGSLINJER FOR EIGEDOMSSKATTETAKSERING I SURNADAL KOMMUNE. (PDF, 888 kB)

Fastsetting av skattegrunnlaget for næringseigedom

Regjeringa har bestemt at næringseigedommar skal skattleggast til 100 % av takst på eigedommen.

For alle næringseigedommar skal skattegrunnlaget dermed settast til antatt marknadsverdi ved fritt sal. For næringseigedommar er antatt marknadsverdi i all hovudsak rekna ut frå berekna og forventa leieverdi på eigedommen. For eigedommar kor leieverdi ikkje kan brukast, er teknisk verdi brukt.

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Betent sentralbord: 09:00 - 15:00

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL