Rekneeksempel på eigedomsskatt

I Surnadal kommune har vi eit botnfrådrag på kr 150 000, ulike skattesonar og 6,5 promille eigedomsskatt.

Eksempel på utrekning

Ein bustad med marknadsverdi på kr 2 000 000 lokalisert sentralt i Surnadal.
Her vil eigaren først få eit frådrag (kr 2 000 000 - kr 150 000 = kr 1 850 000) Deretter kjem ein takst på ca. 70% av bustaden sin verdi(avhengig av skattesona).
Dette gir resultatet:
Kr 1 850 000 * 0,7 = 1 295 000.

Dersom du reknar ut 6,5 promille av dette får du:
Kr 1 295 000 * 0,0065 (6,5/1000) = Kr 8417,50.

Med ein marknadsverdi på kr 2 000 000 kan du her sjå at utgifta til eigedomsskatt i Surnadal er Kr 8417,50.