Spørsmål, endring eller klage på eigedomsskatten

Metoden som er nytta for å fastsette skattegrunnlaget ditt bestemmer om du kan rette klage eller gjere endringar i grunnlaget for berekning av eigedomsskatten din. Dette ser du i tabellen i skattesetelen din. 

Metode A: Ved utrekna marknadsverdi er dette ei sak mellom deg og skatteetaten

Dersom kommunen bruker Skatteetaten sin berekna marknadsverdi for boustad som grunnlag for utskriving av eigedomsskatten, og du meiner grunnlaget er feil, kan du sjølv endre dette ved å endre i skattemeldinga. Du kan sende endringsmelding. Det er ikkje lenger nødvendig å klage til Skatteetaten. For at du kan endre/sette ned formuesverdi har skatteetaten eit krav om at formuesverdien må overstige 30% av marknadsverdi. Før du kan endre formuesverdi må du kunne dokumentere endringa ved hjelp av ein takst eller ei verdivurdering av eigedomsmeklar utført etter 1. juli 2018.

Endring av formuesverdi gjer du via skatteetaten sine heimesider. Endre grunnlaget for berekning av eigedomsskatt.

Har du for lågt areal på p-rom kan du sjølv endre det med å skrive det inn i boksen «tilleggsopplysningar» på skatteetaten sitt skjema.

Korleis kontakte skatteetaten:

Du kan ta kontakt med skatteetaten og/eller bestille time på telefon: 800 80 000
Skatteetaten tek ikkje i mot besøkande utan avtale på førehand. Avtaletid med ditt nermaste skattekontor kan du bestille på skatteetaten sine heimesider.
Gå til skjema for timebestilling hos skatteetaten

 

Metode B: Ved bruk av sjablongtakst kan du rette skriftleg klage til Takstnemnd for eigedomsskatt - Surnadal kommune

Ein eventuell klage blir først behandla av Takstnemnd for eigedomsskatt. Om klagar ikkje får medhald, går klagen vidare til ei kommunal Klagenemnd for eigedomsskatt. Ei klagebehandling kan resultere i at taksten blir ståande, blir redusert eller auka. Saksbehandling skjer i samsvar med Lov om eiendomsskatt §19 og §14.

Eigedomsskatten må betalast innan forfall sjølv om du klagar på taksten.

Du kan kontakte Eigedomsskattekontoret skriftleg eller ved å ringe servicetorget (sjå under) for meir informasjon om fastsetting av skattegrunnlaget (sjablongtakst) slik at du eventuelt kan formulere/grunngje klagen din på eigedomsskatten. 

Klagen må vere skriftleg og må vere sendt før utløpet av fristen den 12. april 2020 til:

Surnadal kommune
Eigedomsskattekontoret
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

E-post: post@surnadal.kommune.no 

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Betent sentralbord: 09:00 - 15:00