Taksering

Eigedomsskatt er ei skatteform kommunestyret sjølv kan vedta å skrive ut. Eigedomsskatten blir skrive ut med heimel i Eiendomsskatteloven. Dette er den einaste skatten som i sin heilskap går til kommunen, og som kommunen sjølv rår over jamfør gjeldande lovgjeving.

Eigedomsskattelova § 8A-2 har slik ordlyd om verdsettinga:

”Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.”

Her finn du Surnadal kommune sine retningsliner for taksering av eigedomar 2020 (PDF, 888 kB)

Skattetaksten byggjer på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar. I praksis vil ei rekkje faktorar påverke salsprisen. For å minimere graden av skjønn, er eigedomsskattetakstane for bustader basert på solid statistikk fra omsetnader i hele kommunen, kor det blir teke omsyn til beliggenheit, bygningstypar, areal og andre faktorar som beviseleg påverkar salsprisen. Ut frå dette er det utarbeidd sjablongtakstar. Vidare er det utført utvendig synfaring av bustader, kor det blir teke omsyn til utvendig tilstand og standard. Faktaopplysningar om adresser, areal på bygningar og tomter blir henta frå offentlege dataregister.

Gjennom desse registra har vi også oversikt over prisar på omsette eigedomar (hovudkilde: Matrikkelen). I dei tilfelle kor vi manglar areal på bygningar, blir dette henta inn gjennom oppmåling.

Fastsetting av skattegrunnlaget for næringseigedom

Næringseigedommar samt verk og bruk blir behandla spesielt.
Eigarar av slike anlegg vil bli kontakta om dette.
Skjønnsmessige vurderingar tek opp både generelle forhold om eigedomsverdiar og spesielle forhold som påverkar verdien. Dei spesielle tilhøva fangar vi opp gjennom synfaring av kvar enkelt eigedom.

 

 

 

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Betent sentralbord: 09:00 - 15:00