Taksering

Skattetaksten byggjer på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar.
Faktaopplysningar om adresser, areal på bygningar og tomter blir henta frå offentlege dataregister.
Gjennom desse registra har vi også oversikt over prisar på omsette eigedomar (hovudkilde: Matrikkelen).
I dei tilfelle kor vi manglar areal på bygningar, blir dette henta inn gjennom oppmåling.

Næringseigedomar samt verk og bruk blir behandla spesielt.
Eigarar av slike anlegg vil bli kontakta om dette.
Skjønnsmessige vurderingar tar opp både generelle forhold om eigedomsverdiar og spesielle forhold som påverkar verdien.
Dei spesielle tilhøva fangar vi opp gjennom synfaring av kvar enkelt eigedom.