Betalingsvanskar skatt

For deg som ikkje kan betale skatten no, og vil søkje om betalingsavtale. Ein betalingsavtale kan vera avtale om betalingsutsetting, avdrag eller ein kombinasjon av begge delar.

Hovudregel: Skatten skal betalast til forfall

Dersom du ikkje betalar ved forfall, må du betale forseinkingsrenter. Dersom du fortsatt let vera å betale, pliktar vi å innfordre pengane ved tvang. Da kan vi for eksempel trekkje deg i lønn eller ytingar. Dette heiter utleggstrekk. Vi kan også ta pant i eigedelane dine. Dette heiter utleggsforretning. Både utleggstrekk og utleggsforretning gjer at du får betalingsanmerkning.

Dersom du har problem med å betale i tide, er det viktig at du søkjer hjelp så tidleg som muleg.

Vilkår for å få betalingsavtale

Det er strenge vilkår for å få ein betalingsavtale. Alle vilkåra må vere oppfylt:

  • Du har ikkje mulegheit til å betale på vanleg måte
  • Du må koma med eit forslag til nedbetalingsplan
  • Tilbodet må vera det beste du kan koma med
  • Tilbodet må gi raskare nedbetaling enn ved tvangsinnfordring, som utleggstrekk eller utleggsforretning

I tillegg vurderer vi om det vil vera støtande eller eigna til å svekke den alminnelige betalingsmoral dersom du får ein slik avtale.

Les om vilkårene for betalingsavtale hos Skatteetaten (se særlig pkt. 3.1. og 3.2)

Treng du hjelp?

Kontaktinformasjon

Skatteoppkrevjaren
E-post
Telefon 71 65 58 40

Åpningstider

Telefontid: 08:00 - 16:00
Kontortid:  09:00 - 15:00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL