Skatteattest

Slik søkjer du om attest for skatt og merverdiavgift

Du bestiller sjølv attesten i Altinn. Attesten blir produsert same dag og blir sendt elektronisk i PDF-format til din meldingsboks i Altinn. Attesten er elektronisk godkjent og er difor ikkje signert.

Bestill attest for skatt og merverdiavgift

Dersom du ikkje har mulegheit for å bestille attesten via Altinn, kan du kontakte Skatteetaten eller Kemnerkontoret for hjelp til å bestille.

 

Når treng du attest?

  • Tilbod/anbod/leveransar til offentleg verksemd
  • Søknad om løyve
  • Søknad om skjenkebevilling
  • For å dokumentere at verksemda eller du som privatperson ikkje skuldar skatt.