Informasjon om app

Meldingar mellom føresatte og skulane i Surnadal

Fram til no har digital kommunikasjon mellom føresatte og skulane våre foregått i ei SMS-løysning, med spesialnummer for den enkelte lærar/skuleleiar osv.

Frå januar 2019 går vi no over til ei ny løysning kor føresatte i staden lastar ned ein app på sin telefon og kommuniserar med tilsette i skulen gjennom denne. Appen har og ein funksjon for melding av fråvær kor ein kan velge dag og klokkeslett osv.

Appen som heiter «Min skole - foresatt», er klar til bruk og vi ønskjer at føresatte lastar ned og loggar seg på appen så fort som mogleg.

Direktelenke for Apple telefonar: https://itunes.apple.com/no/app/min-skole-foresatt/id1355018418?mt=8

Direktelenke for Android telefonar: https://play.google.com/store/apps/details?id=com.visma.vfsmobileparentapp&hl=en_US

 

Dei som evt. ikkje kan bruke appen på sin telefon har to alternativ:

  1.      Bruke appen på nettbrett i staden – vil fungere på samme måte som på mobiltelefon
  2.      Logge seg inn på skole.visma.com/surnadal og lese og skrive meldingar der.

 

Her er lenke til ein kort video om appen: http://kortlink.no/63a

 

Gje tilbakemelding til kontaktlærar så snart som mogleg om du ikkje får til å bruke appen.

Løysinga for sending av sms frå føresatte til skulen vil slutte å fungere 1. februar 2019.

Kontaktinformasjon

Surnadal kommune
E-post
Telefon 71 65 58 00

Adresse

Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL