Miljøretta helsevern skule

Miljøretta er ei lovpålagt kommunal teneste. Det er eit arbeid som går føre seg i tett samarbeid med kommuneoverlegen

Kven er vi?

Miljøretta helsevern er organisert som ei interkommunal teneste for kommunane Sunndal, Rindal, Tingvoll, Heim og Surnadal med kontorstad i Familiens hus i Surnadal.

Om miljøretta helsevern

Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v er heimla i Lov om folkehelsearbeid og kan til kvardags bli kalla skuleelevane si arbeidsmiljølov. Det er skuleeigar, som oftast er kommunen, si oppgåve å oppfylle krava i denne forskrifta.

For å sikra at det blir gjort er det den tilsette hos miljøretta helsevern i Familiens hus si oppgåve å føra tilsyn med skulen for å sjå om forskrifta er oppfyllt. Rapportane etter slike tilsyn ligg på postlista til kommunen. FAU bør automatisk få kopi av desse rapportane. Dersom foreldre eller elevar vil ha meir informasjon er det berre å ta kontakt.

Lenker:

Forskriften inneheld krava. Mellom anna at alle skular skal vera godkjent og med det oppfylle krava i forskrifta.

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1995-12-01-928

Veilederen seier litt meir detaljert om krava

https://www.helsedirektoratet.no/tema/miljo-og-helse

Folkehelseloven

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-29?q=folkehelseloven