Todalen og Stangvik oppvekstsenter

Todalen og Stangvik oppvekstsenter (TOSTOP) består av to skular og to barnehagar med felles einingsleiar.

 

Lokalisering

Stangvik skule ligg i Melhus- krysset på Kvanne, i same bygg som Stangvik barnehage.

Todalen skule ligg i Todalen, på same område som Todalen barnehage.

Organisering

Stangvik skule er ein fådelt 1-7-skule. Antal ungar varierer litt år for år, men ligg på omkring 50 elevar.

Todalen skule er ein fådelt 1-7-skule. Antal ungar varierer frå år til år, men ligg på omkring 25 elevar.

Særpreg

Stangvik skule ligg oppå ein liten bakketopp, med fint og variert skogsterreng omkring seg. Her har dei ein lavvo og ei grillhytte i skogen som dei nyttar innimellom.

Todalen Skule ligg midt i bygda saman med Todalen barnehage. Her er det tilgang til flott natur, og kort avstand til lokalt arbeidsliv og gardar.

 

Kontaktinformasjon

Arne Landsem
Einingsleiar Todalen og Stangvik oppvekstsenter
E-post
Mobil 917 89 635
Britt Mossing
Rektor Todalen barnehage
E-post
Mobil 938 12 372